Lupinar og kaninar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dei skjønne lupinane forsvann i vegvesenet sin kantslått her ein dag. Synd seier nokre, flott seier andre. Tidlegare i år sto vegkantane fulle av fine gule blomar. Flott seier nokre, forferdeleg med all løvetanna seier andre.

Ein ting er kva folk tykkjer er pent og stygt, men dette har fleire sider også. Lupin har stor formeiringsevne, omlag som kaninar i Australia, og skuggar ut alle andre. Der det har vore lupin ei stund, er det berre lupin. Vi kan sjå at nokre få stader med lupin no har blitt til lange strekningar med lupin. Hald han seg berre i vegkanten var det noko, men han tar seg innover åkerkantar og i skogkantar med. Planta er vurdert av Artsdatabanken og fått sin sjølvskrivne plass på svartelista. Der hamnar artar som har evna i seg til å bli ein pest og ein plage. Det gjer sikkert vondt for nokre å høyre det, men der har altså lupinen komen i selskap med t.d. iberiaskogsnilen. Difor er det bra at lupinen blir slått så tidleg at han ikkje får sett spiredyktige frø. Dei som er glade i lupinen skal så likevel få nok å sjå på av denne planta framover.

Løvetanna derimot har ikkje same evna til å konkurrere ut alle andre, men den er det altså ein del som har bestemt er stygg.

Vegkantane er elles eit vanskeleg felt. Vegvesenet har no gjennom mange år slått dei. Sidan dei knuser gras og det som måtte vere har dei i praksis gjødsla med kompost. Vegkantane har difor blitt riktig så næringsrike. Villblomane er avhengige av næringsfattige tilhøve, medan det på næringsrik jord kjem gras. Høgt gras. Gras som veks fort og som må slåast ofte. Anten vi vil det eller ikkje må vi nok innsjå at villblomane som vaks fint i vegskråningane før må finne seg andre stader. Stader som slåast seint og der ein tar vekk graset så det ikkje blir ny næring for jorda. Slike stader finst det ikkje så mykje av. Dei kan snart berre sjåast på museum.

Vegvesenet har eit problem. Dei har no Noregs lengste vellukka kompostbaserte eng. Men dessverre er enga noko feilplassert. Som beitestad for skogsdyr tidleg vår og sein haust, og kamuflasje mykje av sommaren har dei ei utfordring. Når vegvesenet kompletterer med å legge ut salt om vinteren så har dei no blitt vertar for ein stor flokk med – husdyr blir det vel ikkje – kanskje vi skal kalle det vegdyr.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen