Må stanse planagt kraftline gjennom vernområder

Den 420 kV kraftlina som er planlagt mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre er det største naturinngrepet som er påtenkt på Vestlandet nokon gong. Alle alternativa går både nær mange menneske og gjennom foreslåtte verneområder eller nær verna område. Eit av alternativa går også gjennom eit verna område. Lina kryssar ei rekkje verna vassdrag og viktige friluftsareal. Dette skriv Norges Naturvernforbund i ei høyring til Norges vassdrags- og energidirektorat.

Ein av traseane ligg kloss i det nyleg oppretta verdsarvområdet Geirangerfjorden. Lina går tvers gjennom 250-300 kilometer av det vestnorske fjordlandskapet, det landskapet som National Geographic har peika ut som det mest storarta å oppleve i verda.

Synleg og dominerande på ein brutal måte
Summen av skade på natur og landskap vert gigantisk for alle alternativa. Lina vil bli synleg og dominerande på ein brutal måte over store avstandar og redusere opplevingsverdiane vesentleg, både for fastbuande og tilreisande. Vi kan ikkje sjå at det er noko av alternativa som i samla skade skil seg nemneverdig frå dei andre.

Statnett har komme til at den samfunnsøkonomiske netto noverdien av lina er i overkant av tre milliardar kroner. I desse analysane har dei ikkje sett nokon pris på miljøulempene ved anlegget. Vi forstår at det er ikkje lett å kvantifisere – økonomisk – skadane på natur, landskap og trivsel av eit slikt inngrep. Dei negative konsekvensane er i stor grad ikkje materielle.

Ufullstendig og misvisande bilete av den samfunnsøkonomiske nytten
Vi stiller oss likevel undrande til at Statnett i 2006 presenterer ei samfunnsmessig nyttevurdering utan å ta omsyn til miljøkostnadene. Dei tala som då kjem fram, gjev ikkje eit reelt inntrykk av føremonar og ulemper for samfunnet. Tala gjev derimot eit ufullstendig og misvisande bilete av den samfunnsøkonomiske nytten. Etter vår oppfatning kan ikkje noko rimeleg vurdering av skadane på natur, landskap og trivsel – over all framtid – ende med at kostnadene over lang tid er mindre enn tre milliardar kroner.

Berre for Hornindal har statsautorisert eigedomsmeklar Gunnvor Bakke komme til at det samfunnsøkonomiske tapet kan vere ein milliard kroner (G. Bakke, 2006: Hornindal – eit regionalt smørauge. Vurdering av eigedomsmarknaden og verknader av ei kraftlinjeutbygging).

På denne bakgrunnen går Norges Naturvernforbund sterkt i mot å gje konsesjon til lina. Vi meiner det alt no er klart at den negative konsekvensane er uakseptabelt store. Les heile høyringa under som Naturvernforbundet har sendt til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Ja, dette er en viktig sak. Jeg vil gjerne lese mer om hvordan jeg bli medlem eller på annen måte støtte Norges Naturvernforbunds arbeid for miljøriktige, framtidsrettede energiløsninger

Høyring om 420 kV-kraftline Fardal- Ørskog

Manipulerte bileter som viser korleis ei kraftline vil prege landskapet.