Må svare klagenemnda

Miljøinformasjonslova gjev alle og ein kvar rett til å få vite kva verksemder gjer i og med miljøet. NEAS svara ikkje på spørsmål dei fekk frå Naturvernforbundet i Tingvoll tidlegare i haust. No har saka blitt sendt til klagenemnda for miljøinformasjon.

Langs ei røyrgate til kraftverk må ein nok rekne med at det blir rydda. Når ein bruker gift for å få vegetasjonen til  bli brun, så må ein vente å få spørsmål om alternative metodar er vurdert, og korleis dette er gjort. NEAS fekk to greie spørsmål om dette tidlegare i haust. Naturvernforbundet i Tingvoll ville ha kopi av sprøyteprotokollen. Det bør vere greitt å få ordna, sidan det skal vere ein protokoll for slike ting. Vidare skal det gjerast ei vurdering om kva alternativ ein har, før ein tyr til bruk av giftstoff. Den vurderinga ville Naturvernforbundet sjå.

Framleis manglande svar etter 2 månader er å rekne som avslag på innsyn. Difor har Naturvernforbundet i Tingvoll no sendt saka til klagenemnda for miljøinformasjon.

Etter Naturvernforbundet si eiga vurdering vil truleg dette ryddebehovet kunne dekkast med beiting av geiter utstyrt med Nofence-teknologi. Det finst allereie minst ein bonde i bygda som har geiter.