Manglande miljøinformasjon i Kristiansund: Klage frå Naturvernforbundet
Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy har fått utlevert noko miljøinformasjon frå Veidekke Industri i ei sak som gjeld Fugløya naturreservat. Lokallaget er ikkje nøgd og klagar Veidekke inn for Klagenemnda for miljøinformasjon.
Naturvernforbundet har i lengre tid prøvd å få informasjon over kva samla vurderingar som ligg til grunn for dei omfattande industrietableringane kloss inntil Fugløya naturreservat.