Massefyllinga i Rotevatnet må fjernast!

Naturvernforbundet har tidlegare gjort Volda kommune merksam på at eit stort volum lausmasse no vert plassert / dumpa eller lagra berre få meter frå Rotevatnet si strandsone i Vassbotnen. Naturvernforbundet krev i eit brev til kommunen at Volda kommune straks gjer tiltak for å stanse oppfyllinga av dette våtmarksområdet, gjer pålegg om tiltak som tilbakefører området slik det var før den ulovlege deponeringa tok til.

Her er brevet:

Naturvernforbundet i Volda og Ørsta. Lokallag av Norges Naturvernforbund.

v/ Knut Festø

Reset 21, 6100 Volda

Volda, 25.11.2007

Volda kommune

6100 Volda

Krav om at massefyllinga i Bukta vert stansa omgåande

Vi har tidlegare gjort Volda kommune merksam på at eit stort volum lausmasse no vert plassert / dumpa eller lagra berre få meter frå Rotevatnet si strandsone i Vassbotnen.

Sist vi nemnde vår missnøye med denne fyllinga var i innspelet vårt til den reviderte kommunedelplanen. Der skreiv vi:

”Vi har tidlegare peika på våtmarksområdet i Bukta som eitt viktig område. Dette meiner vi, med tilliggande vassområde, må gjevast status som naturvernområde, evt. Som naturvern og friluftsliv i kombinasjon, der tilhøyrande føresegner gjev naudsynte bestemmingar.

Vi minner og om at vi tidlegare har påpeika uheldige fyllingar fleire stader i tilknyting til vatnet. Ved synfaring nyleg ser vi at fyllinga i Bukta-området no har kome enno nærare både våtmarksområdet og føreslegen turvegtrase. På det næraste ligg fyllinga no ikkje lenger enn 7-8 m frå vasskanten, og er alt komen i direkte konflikt med både naturvern- og friluftsinteressene, og med den føreslegne turvegtraseen som ligg inne i plankartet. Vi ventar at Volda kommune snarast tek tak i denne problemstillinga med konkret oppføljing for å stoppe vidare fylling og for å pålegge naudsynt retting.”

Dette var ein del av innspelet vårt som var datert 29.10. Etter den tid har fyllinga vakse.

Vi finn grunn til å minne om motstanden frå grunneigarhald då gangvegen rundt Rotevatnet vart diskutert; Den var tufta på bekymringa for framtida til naturkvalitetane i strandsona.

Vi vil og peike på plan- og bygningsloven sine føresegner for tiltak nær vann og vassdrag.

I høyringsutkastet til revisjon av kommunedelplan, kapittel 10 punkt 1.1. vert det vist til nokre av dei aktuelle føresegnene.

Området som no vert fylt opp med masse er no LNF- område, og bruken av området skal samsvare med PBL sine intensjonar for slike områder og korleis desse skal verte forvalta.

Vi krev at Volda kommune straks gjer tiltak for å stanse oppfyllinga av dette våtmarksområdet, gjer pålegg om tiltak som tilbakefører området slik det var før den ulovlege deponeringa tok til.

Dersom dette ikkje er ulovleg framferd, vil vi gjerne få tilsend dokumentasjon på løyve, – event. omreguleringsvedtak.

Ligg det ikkje føre løyve av noko slag, og om ikkje kommunen ser dette som ei sak som kjem dei ved, vil vi be politietaten vurdere om tiltaket er innanfor loven sine rammer. Ved ei slik vurdering vil også Friluftsloven frå 1957 kunne anvendast.

Med helsing

…………………………………………….

Knut Festø

Vi legg ved bilete som er tekne i gråveret 25.11.07

Kopi:

Lensmannen i Volda, 6100 Volda

Naturvernforbundet i Møre og RomsdalJa, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Bilder frå utfylling i Rotevatnet i Volda Foto: Naturvernforbundet

Bilder frå utfylling i Rotevatnet i Volda Foto: Naturvernforbundet