Massetak i Bjørkedalen i Volda

Epostkontakt med Volda kommune.

Epost til Volda kommune 14. mai 2008:

Naturvernforbundet ønskjer svar på følgjande:

Alt gjeld råstoffutvinning i form av grus og stein o.l. i området frå Straumshamn og sørover til fylkesgrensa.

1. Oversyn over område avsett i arealdelen til kommuneplan til råstoffutvinningsområde (grustak, steinbrot, steinknusingsverksemd).

2. Oversyn over område knytt til same typen verksemd som har utarbeidd reguleringsplan.

3. Oversyn over grunneigarar som har løyver til mindre uttak som kommunen ikkje har vurdert krev reguleringsplan.

4. Eventuelle pålegg om å utarbeide reguleringsplan.

5. Eventuelle krav om støydokumentasjon knytt til slik verksemd.

Vi spør etter eit grovt oversyn som de ikkje treng å legge mykje arbeid i no. Stadnamn, tiltakshavar og ein peikepinn på om verksemda har foregått lenge er det viktigaste.

Så kan vi heller spørje igjen om detaljar knytt til einskildtiltak om vi ser det nødvendig.

Opplysningane sendast gjerne til moreromsdal(a)naturvern.no så langt det finst digitalt, og til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden, 6630 Tingvoll i den grad papirvariantar er nødvendig.

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Purring 27. august 2008:

Vi har ikkje merka nokon reaksjon på e-posten under, og minner difor om saka.

Vi trudde då vi spurde at det ville la seg gjere å svare grovt på dette slik vi ba om med eit par timar på saka, men viss det er så at kommunen i grunnen ikkje har oversyn over desse sakene vil det jo ta lenger tid. Men då er det dess viktigare at kommunen tar tak i det. Dessutan må det vere råd for kommunen å svare på noko, og gje melding om kva tid vi kan få resten av svaret.

Vi har no eit akutt behov for å bli oppdatert på kva som gjeld av vedtak og løyver knytt til masseuttak/knuseverk på eigedomen til Rasmus Løset i Bjørkedalen. Der kan både klage og politimelding bli vurdert, men vi tykkjer det er best om kommunen kan informere oss om det som gjeld så vi ikkje henger ut nokon for uorden viss det skulle vere løyver osb. Tiltaka på nemnte eigedom ønskjer vi å sjå i samanheng med liknande verksemd i aktuell køyreavstand rundt dette anlegget, og difor skulle vi altså visst litt også om naboverksemder i bransjen.

Saka hasta litt alt i mai, og no hastar det mykje meir.

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Svar frå Volda kommune 3. september 2008:


Eg er lei for at vi grunna stort arbeidspress og ferieavvikling ikkje har komme med tilbakemelding på Dykkar epost av 14.05.08.

Vi har no gått gjennom spørsmåla og kjem her med eit grovt oversyn.

1. I kommunedelplanen for Bjørkedalen er det sett av eit område for råstoffutvinning. Dette ligg på sørsida av E39, det er sett krav om reguleringsplan. Det er ikkje sett av andre område til dette føremålet i kommuneplan på strekninga Straumshamn og sørover til fylkesgrensa.

2. Per Mulvik as. har på vegne av entreprenør Karstein Åmelflot på gbnr.: 93/2 komme med forslag til reguleringsplan for steinbrot i Stigedalen. Planforslaget er no under handsaming i kommunen med saknr.: 2007/2014.

3. Eg kjenner ikkje til at det er gitt løyver til mindre uttak som kommunen ikkje har kravd reguleringsplan

4. For området som er sett av til råstoffutvinning i Kommunedelplanen for Bjørkedalen er det i brev av 14.05.08 gitt pålegg om stans av masseuttak på gbnr. 91/1 med grunnlag i at krav om reguleringsplan ikkje er stetta. Frist for stans vart sett til 19.05.08. Det er i brev av 01.09.08 også gitt pålegg om stans i drift av knuseverk i ei grushole på same eigedomen(sak 20008/540) med frist 06.09.08.

5. Eg kjenner ikkje til at det er gitt krav om støydokumentasjon knytt til slik verksemd.


Heidi Istad planleggar tlf.: 70 05 87 16

Pålegg om stans i massetak 14. mai 2008

Pålegg om stans av alt arbeid med masseuttak – 1. september 2008