Massetak og bustadområde på Holtamoen i Surnadal

Naturvernforbundet spør Surnadal kommune.

For ei tid tilbake fekk Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ein førespurnad vedkomande massetak ved Holtamoen kommunale byggefelt.

Etter det vi får opplyst er det ei rad problemstillingar knytt til at massetaket ligg nær opp til byggefeltet. Det er nemnt at grunnen rister, støyproblematikk, støv og dessutan at avskjerming tar sola.

Naturvernforbundet har ikkje vore på staden, men vi har sett nokre bilete som seier oss at massetak og bustader i lag kan vere problematisk.

Naturvernforbundet ønskjer med dette å bli orientert om planstatus for både byggefeltet og massetaket. Vidare ber vi om å bli orientert om kva kommunen har tenkt å gjere i denne saka, slik at det som let seg ordne til det betre kan bli ordna.

Dokument som ligg føre digitalt vil vi gjerne ha tilsendt til moreromsdal(a)naturvern.no. Papirdokument kan sendast til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/ Øystein Folden, 6630 TINGVOLL.

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal