Med ordføraren si hjelp

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Alpeasal.

Det er så mange slags måtar desse problemplantene våre kjem seg ut i naturen på. Denne gongen skal de få historia om då ordføraren i Tingvoll var medhjelpar.

I Miljøgata gjennom Tingvoll sentrum blei det planta rognasal i si tid. Dette er ei kryssing mellom rogn og ein asal, og finst naturleg i Noreg. På mange måtar eit godt val. Men så var det altså nokre som skulle vise si mannekraft eit natt, og dermed var det fleire tre utan topp neste morgonen. Det kom ein førespurnad til underteikna om å skaffe nye tre. Det året var det påvist pærebrann hos fleire av dei som ala opp desse trea, og dermed var det få tre å få tak i, og dei som fanst var dyre. Kraftkaren hadde innrømma si skuld og ordføraren tykte det blei dyrt for han. Etter nokre telefonar hadde ordføraren funne ein rimelegare leverandør. Etter nokre dagar kom det nokre tre til Tingvoll, og dei blei lasta av i Miljøgata. Eg skulle plante dei. På merkelappen sto det ikkje rognasal, men namnet på ein slektning. Det blei raskt klarlagt at dei måtte plantast, sjølv om dei ikkje var heilt make med dei som var der frå før. Såleis gjekk det til at det blei planta alpeasal Sorbus mougeotii i Miljøgata i Tingvoll i 2008. I 2012 kom svartelistevurderinga av dette treslaget. Då blei ein av alpeasalane utsett for eit nytt skadeverk og fjerna, men det står igjen to.

Alpeasalen får som rogn og andre asalar frukter i form av «rognebær». Fuglane likar desse godt, et seg mette og flyg ut i skogen for å fullføre verket med å så frøa der fuglebæsjen landar.

Svensk asal er eit anna mykje planta tre i denne slekta og like svartelista som alpeasal. I tillegg finst fleire andre artar i slekta, som truleg er naturlege og ofte sjeldne. Dei er vanskelege å halde frå kvarandre. Bladforma er viktige for bestemminga, men varierer etter kvar på treet dei sit. Blomsterfarge og form på frukta blir også brukt. Vil ein prøve å rydde vekk dei som er skumle, så må ein truleg høyre med nokon om ein kan få hjelp til å finne ut av desse. Når ein sager ned ein framand art av asal, vil det kome stubbeskot. Trakkar ein av desse nokre år, er det slutt. Problemet er først og fremst knytt til dei fuglespreidde trea i skogen. Å finne igjen alle desse og så passe på dei til det ikkje kjem stubbeskot lenger, er utfordringa.

Det latinske namnet Sorbus blei brukt om rogn  og asal av Cato som døydde 149 år f. Kr.  Jean Baptiste Mougeot, 1776-1858, ein lækjar og botanikar i Alsace, er opphavet til artsnamnet. Alpeasal veks elles naturleg i Mellom- og Sørvest-Europa.

Risikovurdering

Alpeasal har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden, og på svartelista.