Meir fisk ved Merraberget?

Må tyde mindre fisk andre stader.

AquaGen vil auke oppdrettsvolumet ved Merraberget. Dei varslar at dei då kan fjerne ein lokalitet i Tingvoll kommune. Det er sikkert fordelaktig for AquaGen. Det bør gjerast på ein slik måte at det blir fordelaktig også for fjorden.

Naturvernforbundet ventar at lokaliteten i Tingvoll då blir fjerna for godt frå plankarta, så det ikkje dukkar opp søknadar om torsk og kveite i staden.

Auka volum totalt sett kan ikkje godtakast. Konsesjonsmynde kan ikkje tvinge nokon til å redusere produksjon som følgje av denne saka, men AquaGen kan ordne dette ved å kjøpe ut produksjon elles i fjorden.

Det ville vere flott om det kjem melding om intensjonsavtale mellom AquaGen og ein produsent om ei slik avtale.