Meir gaupe enn før?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Diskusjonane om gaupekvotene går for fullt. Det er ei utruleg blanding av fakta, synsing og teoriar i debatten. Naturvernforbundet vil prøve å sortere ein del av momenta, i håp om at det kan gi ei betre forståing av saka.

Gaupa har frå 1845 vore jakta på nærast i form av utryddingsjakt. Kring 1930 var gaupa nær utrydda i Noreg, då ho berre fanst på Fosen, i Namdalen og på Sør-Helgeland. Gaupa blei freda i Sør-Noreg i 1994. Frå 1996 har det vore kvotejakt på gaupe.

Etter kvart kom forvaltningsplanane med mål om ynglingar. Ynglemålet er på 2 i Møre og Romsdal, 4 i Sør-Trøndelag og 6 i Nord-Trøndelag. Fram til 2008 blei det ikkje registrert ynglingar innan yngleområdet i Møre og Romsdal. Frå 2009 er det registrert 1 yngling årleg. Sør-Trøndelag nådde ynglemålet alt i 2006, Nord-Trøndelag har oppfylt heile regionkvota aleine over lengre tid.

Det har vore registrert fleire ynglingar i Møre og Romsdal, men utanfor yngleområdet. Det er eit val rovviltnemnda har gjort; Lite yngleområde gir mindre moglegheit for å nå ynglemålet, samtidig som det då blir større område utanfor som det kan fastsetjast kvotefri jakt på.

Matematikken seier at vi oftare enn før skal sjå gaupe. Fram til første ynglinga var eit faktum så var ho heilt sikkert sjeldan å sjå. Med yngling så er det fleire dyr, og det er vel i periodar også gaupeungar som svimer litt rundt. 2 ynglingar er som kjent dobbelt så mange som 1, og det vil ikkje vere så rart om det syner. Det er difor høgst normalt om vi i yngleområdet ser gaupe og far etter ho oftare enn på ein mannsalder.

Forskingsmiljøa som har følgd gaupa ganske tett i nærare to tiår har rekna seg ut til ein del samanhengar. Når målet er å forvalte gaupebestanden på ynglemålet på landsbasis, dvs. 65 ynglingar, så kan ein felle 0,43 vaksne hodyr for kvar yngling, og totalt 1,27 dyr totalt pr. yngling. Det vil seie at ein kan rekne med ei totalkvote på  83 for heile landet. Den nasjonale bestanden blei vurdert til å vere rundt 67 ynglingar før jakt i år, som er to over målet. Den totale kvota er fastsett til 118 dyr, etter at Miljøverndepartementet reduserte ho med i alt 39 dyr. Sidan forvaltningsmodellen er mindre nøyaktig på regionnivå enn på landsplan, har rovviltnemndene lokalforvalta seg til ei kvote på 35 fleire fellingsløyver enn det modellen tilseier. Så står det att å sjå kor mange gauper som blir felt i år, og om det blir gaupe å sjå nokon stad etter avslutta jakt.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal