Meir jerv enn på lenge?

Tidlegare i november blei jerveynglingane for 2012 presentert. Naturvernforbundet har brukt litt tid på å sjå kva rapporten eigentleg seier, og her er eit lesarbrev til oppklaring.

Institusjonen NINA har lagt fram rapporten for 2012 om ynglinga til jerven. Dermed blir det meldt at det er meir jerv enn på lenge. Bondelagsleiar Inge Morten Karlsvik i Møre og Romsdal hiv seg på med krav om å få jerven vekk frå sauebeita. Det kan vere ein god ide å lese rapporten som er komen, før ein drar for mange konklusjonar. For den er langt meir nyansert enn som så.

Rapporten fortel at det i Møre og Romsdal for 2012 er påvist ei sikker og ei antatt yngling. I åra frå 2001 er det berre i 2002 at ein har hatt eit lågare tal. Og det er første gong sidan 2006 at ynglemålet på 3 ikkje er nådd. Berre den eine ynglinga er innafor fastsett yngleområde. I praksis vil det seie at det er låg terskel for å felle den andre jerven ved skadefelling, og rovviltnemnda ga skadefellingsløyve for mesteparten av august.

For Sør-Trøndelag er det ei sikker og to antatte ynglingar av jerv i 2012. Den sikre ynglinga besto i tispe med ein unge, båe avliva i hiet. Ei av dei antatte ynglingane ligg elles utanfor yngleområdet. Ynglemålet på tre er vel i grunnen ikkje oppnådd når det er på dette viset. Sidan 2004 er det berre i 2007 og 2011 at ein har påvist færre ynglingar.

For Nord-Trøndelag er det sju sikre og ei antatt yngling. Med eit ynglemål på fire, så berger Nord-Trøndelag det samla målet for region 6.

Skuldast nedgangen i Møre og Romsdal at ein har leita mindre i år enn tidlegare? Statistikken fortel at leiteinnsatsen er auka med 85% i 2012 samanlikna med 2011.

Når det blir rapportert om fleire ynglande jerv enn på lenge, så må ein leite i Finnmark for å finne mesteparten av auka. Dessutan er det felt tispe/ungar i 17 ynglehi dette året. Ein betydeleg del av arbeidet med å redusere jervestammen er følgjeleg gjort før det blei sleppt ut ein sau i vår. Det høyrer vel også med at sauetapstala til jerv ser ut til å gå ned.

Rovviltnemnda region 6 har i årevis ønskja at rovviltet skal flyttast sør- og vestover for å fordele ulempene med rovdyr slik at ikkje Indre Nord-Trøndelag må bære meir enn sin del. Realiteten er at fellingsløyva dei siste åra har ført til redusert yngling i sør, og no må Nord-Trøndelag ha nokre ekstra ynglingar for at regionen samla skal nå sitt mål.

Det må også seiast at ynglestatistikken knytt til den sørvestlege jervestammen såg heller dyster ut. Ynglingane her er synkande, og ligg no under fastsett ynglemål.

Det står i grunnen ille til med jerven i Sør-Noreg, men det må vere litt ugreitt med bondelagsleiar Karlsvik også. Sjølv alvorlege kjensler bør vel justerast når jerveynglingane ”aukar til det halve” og tapstala går ned.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal