Meir om busstabellar

Epostkorrespondanse med Nor-way.

Fra: Øystein Folden

Sendt: 19. august 2009 08:18

Til: Ruteinformasjon NOR-WAY

Kopi: Asmund Kristoffersen; Tingvoll.net; Tidens Krav; Aura Avis; Tingvoll kommune; Sunndal kommune; Forbrukerrådet; Nettbuss; Nettbuss/Nor-Way bussekspress; Arild Fuglseth; Trafikanten; redaksjonen@driva.no

Emne: Re: Busstabellar igjen

Viss det er de som set opp tabellane på sida http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=149&Direction=T&Product=P1 så kan de vere merksam på at ein bokstav i tabellen for avgangen 13.15 frå Kristiansund vil betre informasjonen veldig mykje.

På avgangen Arnvika 14.10 til Ålvundeid 15.10 kan de setje ein liten bokstav, t.d. s og tilsvarande bokstav kan de setje framom den teksten de alt har i botnen av tabellen om manglande korrespondanse. Sidan det er praksis med slike bokstavar på dei andre atterhalda i tabellen vil ikkje folk heilt av seg sjølv leite etter det umerka atterhaldet, og dermed står dei på kaia på Sunndalsøra og bussen austover køyrer utan dei. Slikt er dårleg gjort det.

Vi tykkjer i grunnen det er litt talentlaust at de eller bussmiljøet ikkje skjønar slike ting sjølve, men må ha det til de grader inn i med teskei. Om det ikke er de som har ansvar for dette, får de heller sende teskeia vidare til rett plass i Nettbuss.

Vi er leie for at de ikkje får alle manglane samla. Det tar tid å finne ut av kva bussar som går og når dei går og ikkje går, så vi er nøydde til å ta det etter kvart som det dukkar opp. Våre medlemmer tapar pengar på bussar som ikkje går eller timevis med ekstra venting, så vi håper de ikkje ventar at vi skal arbeide gratis for dykk med slike ting som dette.

Viss det er meir som ikkje er gjennomgåande kan de kanskje få ordna ein slik bokstav sjølve utan at vi må gjere særskilt merksam på det?

Denne e-posten får de til og med i to eksemplar. Det skuldast at eg har rasjonalisert adressesystemet så eg veit eg får med alle. De får heller stryke det eine eksemplaret.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

—– Original Message —–

From: Ruteinformasjon NOR-WAY

To: Øystein Folden

Sent: Wednesday, August 19, 2009 7:51 AM

Subject: SV: Busstabellar igjen

Hei!

Takk for din henvendelse.

Jeg har lest dine mail, og forstår at du er over gjennomsnittet frustrert på vårt rutetilbud. Eller, det blir feil å si at du er misfornøyd med vårt rutetilbud, men du er tydelig forvirra ovenfor forskjellige tider hos oss og Trafikanten. Så lenge du reiser med Norway Bussekspress, er det våre nettsider som gir deg de riktige tidtabellene. Det er Nettbuss Møre som setter opp disse tidene, og som sender de riktige tidene både til oss og til Trafikanten. Så i måte er det feil at disse mailene kommer til oss, siden det er Nettbuss Møre som drifter Nordmøredistriktet, og gir oss informasjonen vi legger ut. Jeg ser at mailen vår når både oss, Trafikanten og Nettbuss. Det er nok de to siste saken vedrører mest.

Hvis du vil ha bekreftet tider med våre busser, er det bare å sende mail eller ringe oss, så skal vi gi deg korrekt opplysning.

Ha en fin dag! / Have a nice day!

Med vennlig hilsen / Best regards

Magne

NOR-WAY Bussekspress AS | Kundesenteret (Customer Service Centre)

Tlf: +47 815 44 444

http://www.nor-way.no | ruteinformasjon@nor-way.no


Fra: Øystein Folden

Sendt: ti 18.08.2009 23:56 Til: Nettbuss; Ruteinformasjon NOR-WAY; Arild Fuglseth; Trafikanten Kopi: Asmund Kristoffersen; Tingvoll.net; Tidens Krav; Aura Avis; Tingvoll kommune; Sunndal kommune; Forbrukerrådet; redaksjonen@driva.no Emne: Busstabellar igjen

Eg er framleis ikkje nøgd, så det blir meir om bussar som det ikkje går å bruke.

Referansar for dei som driv med slikt:

Forbrukerrådet: 2009081710000562

Nor-Way: 3627

Eg skal ut å reise. Med buss – om det går nokon då.

I går hadde avisa Driva rutetabell med reportasje om endringar. Dei kunne fortellje om at bussen frå Oppdal om morgonen no skal gå kl 05.25 frå onsdag. På same sida presenterte Nettbussjefen på Sunndalsøra gode nyhende når det gjeld buss i rasområdet. Når eg ser på trafikanten og nettbuss sine rutesider finn eg at dei har tenkt å køyre buss frå Oppdal kl 05.30 framleis. Eg tenkjer det er best å møte opp tidleg. Akkurat som avisa Driva denne gongen er mest å stole på. I alle fall vil det vere surt å møte opp til 05.30 og sjå bakenden av bussen som gjekk 05.25. Ved søk på trafikanten no i kveld har dei tenkt at bussen køyrer kl 05.30 frå Oppdal torsdag.

Men eg skal reise frå Tingvoll. Toget går frå Oppdal torsdag kl 17.00.

På trafikanten ber eg om Tingvoll – Oppdal på torsdag og då får eg forslag om avgang frå Tingvoll kl 14.35, til Sunndal kl 15.20 og vidare frå Sunndal kl 15.30 til Oppdal 16.40. Heilt flott.

Med raudt i spalta ved sidan av står det om endringar i Opdølstranda i rute 149 og 902. Tingvoll til Sunndal har rute 22-910 så då bør den vere grei. Mellom Sunndal og Oppdal heitter ruta 22-149. Ikkje det same som 149, men den var meir skummel. Men det står ikkje noko om endringar mellom Sunndal og Oppdal, så då er det vel greitt likevel.

Ei undersøking på Sunndal kommune sine nettsider gjer meg uroleg. Båten frå Opdøl går kl 15.15. Då er han på Sunndalsøra rett før 15.30. På ei anna side finn eg at det ikkje er buss frå kaia til sentrum frå denne. Då går nok ikkje dette likevel. På ruta som eg finn via www.nettbuss.no prøver eg søk frå Tingvoll til Oppdal, men mellom desse to stadene går det ikkje buss blir det sagt. Tidlegare trur eg at eg har fått forslag om ein haldeplass i Østfold når eg skriv Tingvoll, så den gir eg opp. Men Nordmørsekspressen har tabell. Avgang frå Tingvoll kl 14.35 ser ok ut. Men ein titt i botnen (ingen noter som set meg på sporet, men no les eg det som står nedst likevel): Ruta frå Kristiansund 13.15 til Oppdal korresponderer ikkje via Tingvoll. Då er det vel slik eg har rekna ut med båten at det ikkje kan gå.

Då har eg kasta bort ein time på det sporet, men eg blir ikkje ståande på Hydrokaia i visse om at toget frå Oppdal går utan meg.

Då er det nok berre å begynne på igjen, denne gongen via Krifast. Om ikkje busselskapa bryr seg med passasjerar frå Tingvoll kan dei vel ikkje la passasjerar frå byen gå for lut og kaldt vatn.

Eg er kjent i området og er i tillegg ualminneleg uthaldande når det gjeld å lese og rekne rutetabellar. Stakkars dei som bruker nettet for å planlegge ei reise ein stad dei ikkje kjenner frå før. Det må gå gale.

Så får eg håpe toget er i rute sørafrå til Oppdal så eg rekk bussen kl 05.25 når eg kjem så langt.

Det var i grunnen berre det eg ville seie frå om i dag. Vil de ha passasjerar i framtida må nokon skjerpe seg.

Helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

PS! Reisa er til landsmøtet i Naturvernforbundet. Mogleg nokon kjem til å få høyre litt om korleis det blir satsa på busspassasjerane på Nordmøre for tida. Det hadde vore mykje meir morosamt å fortelje ei anna historie. DS.