Meir tull med bussrutene

Epost til Nettbuss, fylkeskommunen og andre.

Nok eit brev til busselskapa er nødvendig.

Nokre har fått ein ny hobby. Det er å sjekke opp kva bussrutene seier for noko i dag om strekninga Krifast – Oppdal gjennom Tingvoll. Sidan sist har Trafikanten sin nettstad ordna opp. Det er rett nok ikkje lett å kome seg austover til Oppdal frå Tingvoll, men dei to ruteforslaga som finst ser ut til å gå slik dei står i bussruta på nettet.

Nettbuss har jo tidlegare i sommar annonsert med at ein må sjekke på www.nettbuss.no når det går buss. Kva desse pc-ane gjer når ein skriv inn nettstaden er det berre Bill Gates som veit, men i dag kom denne opp: http://www.177mr.no/public_files/docs/Nordmorsekspressen.pdf Der finst det først ei åtvaring i raudt om endringar pga. raset i Opdølstranda. Innhaldet der gjeld mellom Surnadal og Sunndal og ringbussen på Sunndalsøra. Deretter finst eit rikhaldig tilbod som om det ikkje finst nokon stengt veg, og ein del av det er det god grunn til å tru er berre ønsketenking. Nor-Way bussekspress på http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=149&Direction=T&Product=P1 har også eventyr på menyen.

Elles finst det fleire skjær i sjøen. Torsdag 20. august blei det sprengt ein del i veganlegget på Tveekrem. Entreprenøren hadde ringt Trafikanten for å høyre om det gjekk buss mellom kl. 13 og 14 på denne strekninga. Det sa Trafikanten at det ikkje gjorde. Leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll satt på den bussen som Trafikanten sa ikkje fanst. Takka vere ein vaken sjåfør som ikkje ga seg så lett og prata bussen gjennom anleggsområdet så var det råd å nå i bussen på Krifast og etter kvart toget frå Oppdal kl. 17.00. Då nådde passasjeren landsmøtet i Naturvernforbundet som mellom anna vedtok ei fråsegn om at samfunnet må satse meir på kollektivtrafikk. Naturvernforbundet meiner i ramme alvor at fleire bør køyre buss, men det er sanneleg ikkje lett å følgje opp ei slik haldning på Nordmøre for tida.

Elles finst det fleire dårlege busshistoriar frå den seinare tida. Ein person godt passert 70 reiste frå Tingvoll for eit par veker sidan. Ho opplevde at bussen ikkje kom. Etter lang tid dukka det opp ein svart drosjebil som tok ho med til Krifast. Men der kom ho seg ikkje vidare. Etter kvart ante nokre uråd og sendte nokre kjenningar frå Kristiansund som fekk henta ho på Krifast og overnatta ho slik at ho kunne reise vidare neste dag.

Ei ung jente fekk trøbbel austover frå Tingvoll med bussen 14.35, kom ikkje med første båt på Opdøl som var full, og det er berre passasjerar med buss frå Surnadal som er prioritert der. På Hydrokaia venta ingen buss når ho endeleg kom dit. Ho kom til Sunndalsøra sentrum halvanna time seinare enn det ruta sa, og all vidare korrespondanse var utanfor rekkevidde. Kva skal ein gjere då? Reise heim igjen og håpe at det klaffer betre då?

Dama som sto i vegkanten på Tingvoll litt før 8 sist torsdag ville dei fleste bussjåførar køyrt forbi. Per Hoset stoppa og spurde om ho skulle vere med bussen. Ja, det skulle ho. Ja, det er dette som er bussen, fekk ho beskjed om. Framleis var ho i tvil, men til slutt blei ho med den svarte minibussen med drosjeskilt, sjåande ut som eit spørjeteikn.

Det er ufatteleg at dette kaoset held fram. Det er også ufatteleg at fylket som kjøper kollektivtrafikktenestene og ymse politikarar ikkje reiser seg opp og forlangar at det skal ryddast. Ein skulle tru at alle politikarar køyrer bilar med CO2-utslepp i vilden sky med verdas beste samvit. Dei som ikkje køyrer bil sjølve har gått i hi og håper på ein betre vår.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll