Meir vindkraft frå Harøya?

Er det ei framtid for dei 5 vindturbinane på Harøya, eller bør dei rivast? Det er spørsmålet? Naturvernforbundet har uttalt seg til søknaden om forlenging av konsesjon. Det er vesentlege manglar med naturundersøkelsane, slik at ein må ha desse på plass før det er mogleg å svare.

Sandøy Vindkraft AS har søkt om å få endre høgda på vindturbinane på Harøya. Endringa er lita. Viss ein les alt, oppdagar ein også at dei søker om forlenga konsesjon for nye 25 år.

Naturvernforbundet meiner forlenginga av driftsperioden er det som har størst verknad i denne saka. Etter dei problema vindkraftindustrien og NVE kom opp i etter hardkøyret med mykje utbygging på ein gong for nokre få år sidan, er det synd at slike «detaljar» blir gøymt bort. Vindkraftindustrien må bygge opp tilliten sin igjen, og det gjer ein ikkje på denne måten.

På naturområdet er det ikkje gjort nye undersøkingar. Dei undersøkingane som blei gjort for meir enn 25 år sidan var heller ikkje spesielt omfattande. Dei etterundersøkingane som konsesjonen den gong la opp til er heller ikkje utført. Såleis er ein omtrent like kunnskapslaus om verknadene no som før. Det meiner Naturvernforbundet er skuffande.

Sidan då er det mellom anna mykje meir merksemd rundt myr. Det kunne ha vore veldig nyttig om det no blei undersøkt korleis myra i området har reagert på anlegget. Kan hende er det mogleg å gjere tiltak no som gjer at verknaden på myra stoppar og kanskje kan reparerast?

Det kan godt vere at Sandøy Vindkraft AS har eit godt prosjekt som bør få konsesjon for nye 25 år. Men det veit vi ikkje sidan viktige tema altså er veldig mangelfullt utgreidd. Naturvernforbundet ber difor NVE avvise søknaden til nødvendige undersøkingar er gjort.