Melding berrepå internett

Epost frå Øystein Folden i Naturvernforbundet til Norges vassdrags- og energidirektorat.

Eg har vore inne på www.nve.no/vindkraft og funne noko om meldinga frå Havgul
om vindmølleprosjektet utanfor Mørekysten.


Det var nokre av dokumenta eg ikkje fekk lasta ned:
· Detalj. oversiktskart
· Kart Nett Havsul I
· Kart Nett Havsul II
· Kart Nett Havsul III og IV

Eg tykkjer det er rett og rimeleg at sjølv dei som ikkje er så flinke med data
også skal få gjere seg gjeldande, så de får velje om de vil sende ein
dataperson heim til meg for å hjelpe meg å laste dette ned, eller om de vil
sende det i posten.

Elles ser eg fram til å skrive ut dokumenta så eg kan få bretta hjørner og
streka i margen for kva som er viktig. Det har alt gått med ein heil del
teljersteg å få dokumenta inn i maskina, og no skal eg bruke blekk for å få det
ut.

Vi tener ikkje eit raudt øre på at nokon vil bygge vindmøller, men må
dugnadsjobbe med saka og attpåtil dekke ein god del kostnader for å få vere med
og seie noko. Dette syns vi ikkje er heilt rett.


Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden 6630 TINGVOLL tlf. 91812542