Miljø eller berre prat?

Naturvernforbundet utfordrar miljøprofilen i Arbeiderpartiet i eit lesarinnlegg.

Miljø eller berre prat?

Ståle Refstie i Sunndal Ap lovar i Aura Avis 23.7. at Noreg skal vere eit føredøme i miljøpolitikken. Naturvernforbundet vil gjerne at Arbeidarpartiet utdjupar dette noko ved å svare på følgjande:

1. Det ser no ut til at fleire gasskraftverk som Ap ga løyve til no blir bygd utan klimagasshandsaming. Dette vil bety mange % auke av klimagassutsleppa. Vil Ap halde våre Kyotoforpliktingar ved å – redusere biltrafikken tilsvarande? – redusere oljeutvinninga tilsvarande? – bruke statlege milliardar for kjøp av utanlandske kvoter i staden for å bruke dei til å reinse utsleppa? – eller kva då?

2. Vil Ap sikre det biologiske mangfaldet ved at t.d. ein god del av Håsøran framleis skal få vere naturområde og ikkje nyttast til utbygging?

3. Tida for dei store vasskraftutbyggingane er visstnok forbi. I praksis gjeld ikkje dette vassdrag i storleiken for minikraftverk, der berre 1 av ca. 50 konsesjonssøknader er avslått dei siste 5 åra. Held dette fram vil det ikkje vere att meir enn eitt fritt vassdrag i denne storleiken på Nordmøre om 5 år. Vil Ap syte for at kommunane (slik Rauma har gjort) snarast vurderer vassdraga sine og set på bremsen for denne raseringa, slik at det blir att nokre fleire urørte småvassdrag? Kan vi t.d. få ha Erga som fri elv? Og nokre til? Sjølv om ikkje Ap har fleirtal i Sunndal, ville det vere umåteleg verdifullt om Ap gjekk inn for vurdering etter Raumamodellen. Dernest at det blir røysta nei til utbygging av dei mest verdifulle småvassdraga.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal