Miljø-grublerier

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til «Barnekroken» i Aura Avis.

Eg les Barnekroken i Aura Avis 17. oktober. Her er miljø tema.

Konklusjonen er:

– miljøbiler er teit

– kartongbretting er teit

– vedfyring er teit

Viss dette skuldast manglande kunnskap, let det seg gjere å få ordna opp i det.

Miljøagentane kan sikkert hjelpe til då.

Viss dette skuldast noko anna, då tykkjer eg dette er både svært alvorleg og leit.

Kollektivfeltet er der for at dei som vel denne løysinga skal bli favorisert ved å kome fortare fram. Viss bussen bruker like lang tid vil ingen ta buss. Samfunnet gir ved dette eit viktig signal om at folk bør bruke bussen oftare. Sidan det er ledig kapasitet i kollektivfeltet, vil samfunnet på same måten lokke folk til å byte til el-bil. Denne gongen har samfunnet bruka gulrot i staden for forbod. Så Eli – køyr buss eller el-bil du også, viss du skal lenger enn at føtene eller pedalane duger.

Desse forskarane seier at varmt vatn til kartongskylling er dårleg rekneskap. Men det er tull å skylle vekk proteinrestar med varmt vatn. Kartongane blir rikeleg reine nok med kaldt vatn (og to små skvettar er nok om kartongen ikkje har stått ei tid). Det seier forskarane også.

Peis er berre for pynt. Skal du fyre med ved eller biobrensel bør ein sjølvsagt bruke reintbrennande omn eller pelletskamin. Desse er mykje meir effektive, og dei har låge utslepp. Dei har utslepp, og det er nok somme stader nokre som hostar litt av røyken. Men stadig sultnare panelomnar som får straumen sin frå gasskraftverk som politikarar stadig ivrar for at vi må skaffe oss fører til mange andre problem. Er det noko betre at mange millionar menneske i Bangladesh og andre stader blir gåande med vatn til over magen i bustadområdene sine når havet stig som følgje av klimagassutslepp og tilhøyrande havstiging?

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542 / 71 53 33 31

epost: moreromsdal(a)naturvern.no

internett: www.naturvern.no/moreromsdal

Oppslaget med Eli Rygg