Miljøparti før og etter val

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I fjor haust gjennomførte Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ei kartlegging av miljøpolitikken til listetoppane i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet er partipolitisk nøytralt. Vi går ikkje ut og rår nokon til å stemme på eit parti framfor eit anna. Naturvernforbundet meinte likevel at vi burde gi medlemmane våre og andre miljøengasjerte veljarar høve til å samanlikne dei som stilte til val frå vårt fylke.

Av dei som vart representerte på Stortinget frå vårt fylke var det SV og Venstre som gjorde det best i undersøkinga til Naturvernforbundet. Det er sjølvsagt eit stort problem at miljø er så lite viktig for mange av dei andre partia. Dei siste vekene har det likevel kome fram nye skuffande opplysningar; dei har vist oss at miljø kanskje ikkje er så viktig for SV og Venstre heller.

Først ute var Gunn Berit Gjerde og Venstre som har arbeidd aktivt for å svekke verneplanen for sjøfugl i fylket vårt, dette gjeld særleg dei svært viktige hekkeområda i Hareid. Utviklinga i sjøfuglbestandane, også i Møre og Romsdal, har vore sterkt negativ i nyare tid. Difor hastar det med å få på plass ein verneplan. Det er heller ikkje lett å tenkje seg vidare planlegging av vindkraft i vårt fylke utan at verneplanen for sjøfugl er på plass først.

Før valet sa Venstre: «For Venstre skal den neste verneepoken i Norge dreie seg om å sikre det biologiske mangfoldet i sjø og langs kysten.» Etter valet er det visst ikkje dette som er Venstre sin politikk lenger.

Så er det Jan Magne Dahle frå SV som har blitt forkjemparar for mobile gasskraftverk. Mobile gasskraftverk er miljøbomber, og det finst ikkje gode argument for å nytte dei i Noreg. Dei forureinar meir enn kolkraftverk, dei produserer rådyr kraft og dei gir ikkje noko av varig verdi i norsk energipolitikk. Naturvernforbundet har grundig dokumentert at mobile gasskraftverk ikkje er nødvendige i energiforsyninga i Møre og Romsdal – informasjon om dette litt på www.naturvern.no. Dei alternative forslaga Naturvernforbundet har lansert er langt betre for miljøet, og dei gir ein varig betre energiforsyningssituasjon i vår region. Dei fleste forslaga våre er også billegare.

Før valet sa SV: «Legge om energitankegangen totalt i Norge. Enøk, varmepumper, fjernvarme og alternativ energi kan dekke halvparten av dagens energiforbruk. Og først og fremst skal me la vera å byggja forureinande gasskraftverk!» Det er uventa at SV no blir forkjemparar for utbygging av statlege gasskraftverk.

Som krona på verket kjem fylkesutvalet sitt vedtak 30. mai om å bygge gasskraftverk utan CO2-løysing frå dag ein for å få krafta tidlegare. Alle partia røysta for dette, også SV, medan Venstre ikkje møtte.

Naturvernforbundet har ønskje om å spreie informasjon om miljøpolitikken til dei ulike politiske partia også foran seinare val. Då er det trist at partiprogramma har kortare haldbarheit enn ein kroneis ein solfylt dag i mai.

Øystein Folden

leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

telefon 91 81 25 42 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet