Miljøpoeng i bilmeldingar

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Sunnmørsposten.

I Sunnmørsposten fredag 9. juni var det ei bilmelding av Daihatsu Terios. Det kan sjå ut til at saka er kjøpt inn til Sunnmørsposten frå Avisenes Pressebyrå.

I meldinga har Daihatsu Terios fått poeng på ein skala som truleg går frå 1 til 10. Når det gjeld miljø har bilen fått 8 poeng, dette er svært bra. Samstundes blir det sagt at bilen har eit CO2-utslepp på 186 g per køyrte kilometer.

Slik Naturvernforbundet ser det er dette ein bil med høge utslepp, jf. oversikt frå Teknologirådet. Det ser heller ikkje ut til at han kan gå på biodrivstoff.

Kva er grunnen til at bilen likevel har fått 8 poeng på miljø? Kva er eigentleg vurderingsgrunnlaget i slike sakar?

Øystein Solevåg Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Les eposten frå Naturvernforbundet til Sunnmørsposten

Bilmeldinga i Sunnmørsposten

Svar frå journalisten 12. juni 2006