Miljøservice AS – bruken av det nye området

Epost til Møre og Romsdal fylke.

Viser til samtale i dag.   Bileta som ligg ved (3, 8, 9, 10, 11, 26, 28, 51, 52, 63) er alle tatt inne på det nye området til Miljøservice AS søndag 10.2.2008.   I hovudsak er det store mengde flis på desse bileta, men vi ser også oppstilt ein del containarar med innhald, ein containar med det eg vil tru er takplater som gjerne kan undersøkjast nærare og ein del avfall som ligg spreidd på bakken og lett kan blande seg med underlaget.    Området der det for ca. ei veke sidan var hol (bilete oversendt tidlegare med grop innringa med raudt) har no flis på eit høgare nivå enn det botnen av gropa skulle tilseie er flyavfall frå oppmalingsprosessen. Vi skal ikkje påstå noko om kva som er under toppen av flislaget, men viss det ikkje er jord som først er gravd ut og så lagt tilbake, så kan det jo t.d. være svært mange kubikkmeter flis av rivingsavfall.   Løyvet Miljøservice AS har tilseier at det ikkje skal vere avfall i det heile på dette området før sorteringshall og asfaltflater er på plass.   Dette liknar på å bli det same problemet som vi har sett knytt til den eldre delen av Miljøservice AS si verksemd. Viss fylket skal ha truverde i oppfølginga av dette løyvet, må det gjerast heilt vesentlege ting no, før det har utvikla seg lenger og blir uråd å få gjort noko med. Vi kan i grunnen ikkje godta anna enn at det seinast i morgon blir sett bom stopp for avfallshandsaminga på det nye området. Utan reaksjon ber vi politiet om å gå laus på saka for alvor. Dei har etter tips frå oss vore der ein gong tidlegare, og får kopi av denne e-posten (ref. Solesnes, Gjemnes og Eide).   Bileta som ligg ved og sannsynlegvis ein del bilete til vil bli lagt ut på Naturvernforbundet si nettside ein gong etter tysdag ettermiddag i lag med denne e-posten.   Med helsing     Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 918 12 542