Miljøservice Eide AS – blir det avgjerd snart?

Epost til SFT 3. november 2009.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har vore i kontakt med dykk tidlegare for å spørje om det blir ei avgjerd i klagesaka frå Miljøservice Eide AS, slik at det ordinære kontrollregimet hos fylket kan få halde fram med dei vedtatte sanksjonane som ligg i driftsløyvet med vidare. No har det gått eit halvår, og ingen ting skjer, bortsett frå at Miljøservice Eide AS held fram med sitt som før. I desse dagar blir det rydda litt på areal dei ikkje har konsesjon for, og det som blir rydda bort blir køyrt inn på det området som så langt vi veit ikkje er opparbeidd tilstrekkeleg til at det er lovleg med sortering osb. Arbeidsmetoden som blir brukt vil vi anta høver betre for å grave ned ureina masse enn å skulle sortere det. Område som har vore grisa til blir på ein måte rydda (Men kven veit kva som skjuler seg i grunnen?) og nye område blir grisa til fordi dei ikkje er opparbeidde. Når ein følgjer med på verksemda får ein stadig ein peikepinn på at avfall forsvinn i systemet.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har hatt eit hav av tålmod først med verksemda, så med fylket og no med dykk. Men det blir ikkje betring og det kan vi ikkje godta. Vi vurderer no å politimelde heile verksemda. Det er arbeidskrevjande for oss. Dessutan veit vi at det då kjem fram at tilsynsmynde har vore godtruande og tålmodige i ein slik grad at det sikkert ikkje vil vere heilt behageleg om Økokrim går laus på dette.

Blir det snart ei avgjerd, eller skal Naturvernforbundet bu seg på å gå til Politiet med saka?

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden

leiar