Miljøvennleg å skifte bil?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Aura Avis skriv i leiaren 30. august om ei omlegging som skal bidra til ein meir miljøvennleg bilpark.

Som så ofte før blir det påstått at det er viktig å få byta ut dei gamle bilane med nye og miljøvennlege bilar. Dette er dobbelt feil.

Det har så store miljøkonsekvensar å lage ein bil at miljørekneskapen blir best når bilen blir køyrt til han er bruka opp framfor at det blir skifta til ein nyare bil som bruker mindre drivstoff. Av miljøgrunner er det difor ikkje viktig å skrape bilar før tida. Det kan sjølvsagt finnast andre grunnar, men skuld ikkje på miljøomsyn.

Sjølv om vi forbetrar bilane aldri så mykje så vil dei aldri kunne kallast miljøvennlege i ordet si eigentlege tyding. Bilkøyring vil alltid vere eit miljøproblem som bør avgrensast så godt som råd.

Men det er bra at avgiftene fører til at nykjøp av bilar med låge utslepp blir favorisert, og gjerne at avgiftsnivået blir flytta i retning av at det er bruken av bilen som bør vere så dyr at ein heller bruker kollektive transportløysingar.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Aura avis-leiar