Miljøvennleg bank?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

”Gjør miljøvennlig kraft mer lønnsom” lyser mot oss i ei annonse frå SpareBank1 Romsdals Fellesbank. Saka dreier seg om eit firma som har utvikla ny teknologi for overføringa av krafta i ei vindmølle.

Straum frå vasskraft blir kalla miljøvennleg. Likevel finst det knapt nokon som vil hevde at utbygginga av Altavassdraget var miljøvennleg. Sjølv statsministre som var for utbygginga har i ettertid sagt seg leie for det mistaket dei gjorde. Det finst ei rad andre døme.

Langs Mørekysten blir ei rad vindkraftsaker i desse dagar konsesjonshandsama hos Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Kvart einaste av desse prosjekta har blitt vurdert i forhold til miljø. Det finst ingen miljøinstansar og heller ingen miljøorganisasjonar som vil kalle desse vindkraftprosjekta for miljøvennlege. Det næraste ein kan kome er at nokon seier dei heller vil ha dette enn atomkraft eller gasskraft. Så lenge fuglar og dyr døyr, landskap blir forstyrra og naturkvalitetar går tapt, så kan ikkje vindkraft kallas miljøvennleg.

SpareBank1 Romsdals Fellesbank driv med villeiande marknadsføring. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vil klage denne saka inn til Forbrukerombodet dersom ikkje banken dokumenterer sin påstand eller trekker utsegna tilbake.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen