Miljøvennleg ferie?

Star-Tour reklamerer ivrig for ein miljøvennleg ferie – med fly til Middelhavet. Naturvernforbundet spør om dette er lovleg marknadsføring.

Naturvernforbundet trur ikkje Star-Tour har dekning for å marknadsføre dette som miljøvennleg ferie, men berre som miljøvennleg hotell.

Sidan annonseringa skjer i i ei norsk avis (Dagbladet) går Naturvernforbundet ut i frå at dette ikkje blir nokon ferie før reisa også er gjort, og miljørekneskapen Noreg – Hellas tur-retur må difor vere med om de skal kunnemarknadsføre dette som ein heil ferie.

Viss vi tar bussen eller toget til eit miljøfyrtårnsertifisert hotell i t.d. nabofylket og blir der ei vekes tid, og samanliknar med det annonserte ferieprosjektet i Hellas, antar Naturvernforbundet at miljørekneskapen til Star-Tour kan få slite litt. Vi veit av fleire andre ferieprosjekt som kan vere miljømessig interessante også.

Både bilbransjen og energibransjen har fått retningsliner som seier at dei ikkje kan bruke «grøn», «rein», «miljøvennleg» eller liknande om produkt innan deira bransjer. Ein gjennomgang viste at slike påstandar kunne vere vanskelege å dokumentere, og dessutan er det jo slik at om ein klarer seg utan bil, mykje straum eller ferietur er det ofte meir miljøvennleg.

Naturvernforbundet rår Star-Tour til å vende seg til Forbrukarombodet om dei ikkje kjenner til desse reglane frå før.

Naturvernforbundet ber også Star-Tour om å dokumentere miljørekneskapen for denne miljøvennlege ferien og ikkje berre for hotellet, eventuelt at dei slutter med marknadsføringa på denne måten.