Miljøvennleg impregnering?

– Om ein del år står folk i kø ved avfallsdeponiet for å bli kvitt impregnert material som har levd tida si ut. Innhaldet av kopar er så høgt at det då er overført til kategori spesialavfall, skriv leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden i eit lesarinnlegg. Han oppmodar folk til å velje andre løysingar.

MILJØVENNLEG IMPREGNERING?

Det er tid for bygging av platter ser vi av avisene. Folk går mann av huse for å kjøpe impregnerte materialar i store mengde for å lage det triveleg rundt husveggane.

Korleis er det med miljøsida tru? Om ein del år står folk i kø ved avfallsdeponiet for å bli kvitt impregnert material som har levd tida si ut. Innhaldet av kopar er så høgt at det då er overført til kategori spesialavfall.

Det er mykje manglande kunnskap på dette feltet. Slik som i Bygg og bo i Aura Avis 30.6.05. Der blir det sagt at ”Royalimpregnert materiale representerer framtida, og er mer miljøvennlig”. Ein annan stad: ”I forhold til det norske klimaet er materialet ifølge Dale, det beste produktet på markedet.” Dette er utsegner som bygger på manglande kunnskap.

Det finst i alle fall 3-4 alternativ når det gjeld treverk. For desse alternativa er det stor skilnad.

Trykkimpregnert materiale. Grøn material er impregnert med kopar. Mengden kopar er auka mykje, etter at arsen og krom blei ulovleg til impregnering. Kopar er også giftig. Grøn material har lett for å sprekke, og treng ein god del vedlikehald i form av oljing eller anna overflatehandsaming. Naturvernforbundet sin spådom er at denne materialen blir eit problemavfall med stort volum.

Royalimpregnert materiale. Slik material er også impregnert med kopar som det ikkje blir sagt så mykje om, og i tillegg kokt i linolje. Det er ingen tvil om at denne materialen har ein del gode eigenskapar som mellom anna kan gje mindre vedlikehaldsbehov. Men koparinhaldet gjer materialen giftig, så også denne materialen blir eit problemavfall slik Naturvernforbundet ser det.

Utvalde tresortar og overflatehandsaming. Det finst nokre tresortar som held betre enn andre, særleg viss det er godt med luft og opptørk av plattingen. Dei beste må ein stort sett halde klar, då dette er tropisk tømmer som i stor grad blir hogd ulovleg. Så oftast hamnar ein på alternativ som krev mykje vedlikehald, med olje eller beis. Då må ein og rekne med bruk av reingjeringsmiddel. Miljørekneskapen på desse materialane treng heller ikkje bli så bra.

Impregnering med sukker og maisavfall. Av eit totalt volum på 400 000 m3 blir det produsert 2 000 m3 av ein kvalitet som blir kalla VisorWood, med variantar som blir kalla Kebony. Impregneringsstoffet er laga av avfall frå sukkerrøyr og mais. Dette er impregnerte materialar som har fått Svanemerket! Materialen er testa sidan midten på nittitalet, og ser ut til å vere minst like god som dei andre impregnerte alternativa. Materialen har og vore gjennom testar i EU-systemet med tanke på giftstoff, og resultata viser at materialen ikkje inneheld biocider. Materialen er førebels ikkje vanleg handelsvare i byggvarebutikken, men det er ikkje noko problem å få tak i slik material. Ein titt på www.kebonyproducts.com er ein god start.

Når det gjeld ståande kledning er det gode byggdetaljar og gjennomtenkt vedlikehald som tel. Uimpregnert material vil til vanleg gjere nytta, og der det er meir krevjande er VisorWood eit godt alternativ. VisorWood som kledning blir etter kort tid sølvgrå i overflata. Overflatehandsaming er ikkje nødvendig viss ein tykkjer farga er grei. Kebonykvalitetane gir litt andre fargenyansar som minner om kirsebær eller endå mørkare. Sjølv om denne materialen er noko dyrare enn dei andre alternativa, blir det ikkje så verst likevel når ein veit at det er lite vedlikehald og ikkje noko problem med avfallet til slutt.

Elles kan ein vel minne om at det finst stein, betong og tegl som alternativ, og som med alt anna, måtehald er oftast mest miljøvennleg uansett.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42