Miljøvennleg straum?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal spør Forbrukerombodet om ei annonse på VG.no er i tråd med forbrukerlovgjevinga.

Tidlegare har det vore ulovleg å marknadsføre straum/energi som rein, grøn eller miljøvennleg. I annonsa på VG.no bruker dei både rein og miljøvennleg.

Naturvernforbundet ber Forbrukerombodet om ei orientering om regelverket er blitt forandra, og ein reaksjon viss det ikkje er tilfelle.