Mini- og mikrokraftverk: No har ikkje Naturvernforbundet kapasitet til meir!

Naturvernforbundet har gitt uttale til to kraftverksaker i september, og det ligg 3 nye saker med frist innan 1. november 2005, i tillegg til at klagen vår for ein kraftverkskonsesjon i Rauma også er under handsaming. – Vi rekk rett og slett ikkje over alt, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dette er bakgrunnen for at Naturvernforbundet i ein uttale til Ørsta kommune som gjeld Dalegjerdet og Standal kraftverk slår fast at «Manglande uttale frå oss er ikkje det same som at vi ikkje har innvendingar til søknaden.»

– Naturverninteressene blir heilt marginaliserte i desse sakene, seier Folden. Samstundes ser vi at NVE, som skulle vore eit forvaltningsorgan, fungerer som eit propagandaapparat for fleire vasskraftutbyggingar. – I ein dugnadsorganisasjon som Naturvernforbundet har vi begrensa med tid. Vi gir oss ikkje, men no må vi rope eit varsku!

Naturvernforbundet har tidlegare forsøkt å søke økonomisk støtte til å finansiere noko grunnlagsarbeid på energifeltet. – Søknaden til Møre og Romsdal fylke frå august 2004 har det framleis ikkje kome noko svar på, men vi merker oss at politikarane i Nærings- og miljøutvalet var raske med å løyve penger til ei gruppe som ville drive påvirkingsarbeid for å få gasskraftverk på Tjeldbergodden. Å ta vare på miljøet er nok ikkje så viktig for fylket, meiner Folden.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Les uttalen til Ørsta kommune

Næravisa med oppslag om stoda i Ørsta og Volda

Hovudoppslaget i Næravisa

NVE med konsesjon til Myklebust kraftverk i Ørsta

Begrunnelse for NVEs vedtak om Myklebust kraftverk