Minikraftverk med plan?

Ørsta er miljøversting i fylket, medan Rauma er flinkast, skriv Øystein Folden i ei oppsummering av utfordringa Naturvernforbundet sende til kommunane i fylket våren 2004. Der ba Naturvernforbundet alle kommunane i fylket om å lage ei samle oversikt over vassdraga sine i forhold til utbygging av mikro- og småkraftverk.

Naturvernforbundet skreiv brev til kommunane i fylket 20.3.2004 der vi ba kommunane om å sortere litt på småvassdraga sine. Siktemålet var at minikraftverk kan byggast på dei stadene der miljøkonsekvensane er små, og at verdfulle vassdrag både med omsyn til natur og andre verdiar blir tatt vare på.

Sidan då har Naturvernforbundet registrert ei rad søknader om utbygging i slike vassdrag. Vasskraft blir oftast framstilt som miljøvennleg og fornybar. Ein del av søknadene viser at det ikkje går an å kalle all vasskraft miljøvennleg og fornybar, sjølv når det skjer i småskala.

Kva har kommunane gjort? Vi kan her og no utnemne Ørsta kommune til miljøversting på området. Der er det gjort vedtak om at det ikkje skal lagast noka samla vurdering. Dei ser det som viktig å handsame søknadene ein etter ein. Naturvernforbundet går ut frå at kommunen ikkje vil oppdaga noko som helst før det slutter å kome søknader, og då er vel årsaken at det ikkje finst fleire bekker igjen som det går an å søke på.

Mange andre kommunar vil oppnå same resultat som Ørsta. Skilnaden er at dei fleste kommunane ikkje har gjort vedtak, men praktiserer det same som Ørsta.

Rauma skil seg ut. Der har dei sett igong eit arbeid med å sortere småvassdraga. Innan dette året er omme vil Rauma kommune venteleg ha ein mykje betre oversikt over kva småvassdrag som er viktige å ha urørt, og kva som eventuelt kan byggast ut. Naturvernforbundet vil gjerne gje honnør til Rauma for det arbeidet som er sett igang. Lukkast det, kan vi allereie no slå fast at det i alle fall finst ein kommune der både innbyggarar og kresne turistar i framtida kan finne landskap med i alle fall nokre fine bekkar nedetter fjellsidene.

Naturvernforbundet vil med dette oppmode kommunane til å ta tak i dette, for no hastar det. Ta ein liten runde i formannskapet, så vil de sjå at det er vassdrag i kommunen som de tykkjer er verdfulle som urørte. Då er det berre å fortsette – med å lage ei vurdering av småvassdraga i kommunen.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42