Modellfly: Naturvernforbundet meiner Gangstøvika og Bingsa er alternativa

Ålesund kommune har drøfta fleire ulike alternativ til modelflybane i Ålesund. Naturvernforbundet meiner det berre er Gangstøvika og Bingsa som er aktuelle for vidare utgreiingar.

Naturvernforbundet i Ålesund og omegn har lese kommunen si utgreiing sendt til Det faste utvalet for plansaker og seier seg samde med Rådmannen at alternativet på Kverveneset er eit alternativ med store konfliktar knytt til både fugle- og dyrelivet i tillegg til at området framstår som eit attraktivt område for friluftsliv. Naturvernforbundet er også mot at Årsetmyrane vert nytta, ettersom det er uavklart kva konsekvensar bana vil ha på naturmangfaldet, både vegetasjon og dyreliv.

Naturvernforbundet er vidare samd med Rådmannen at både Tørla, Eikenosen og Flisnes næringspark er lite eigna, først og fremst ved at støyureininga i høve til omkringliggande busetnad vert urimelig stor. Lyden frå modellfly og modellhelikopter er intens og skil seg monaleg ut frå annan bakgrunnsstøy. Det same gjeld dei øvrige lokalitetane som er utgreidd av flyklubben, med unnatak av Gangstøvika og Bingsa.

Naturvernforbundet er samd med Rådmannen i at Gangstøvika er lite konfliktfylt i høve til omkringliggande aktivitetar og bør utgreiast meir. Trafikkbelastninga vil ikkje auke monaleg i høve til eksisterande aktivitetar i området. Vidare ber Naturvernforbundet om at Bingsa vert utgreidd vidare. Det burde vere mogleg å kombinere aktivitetane knytt til motorcrossbane, skytebane og modellflybane. Det vil vere relativt få høve der desse aktivitetane vil vere i konflikt med kvarandre. I tillegg vil ikkje ei modellflybane tilføre området større ulemper knytt til støy enn det som allereie er der frå industri og go-kartbana.

Geir Ole Sætremyr er styremedlem i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn. Han har telefon 90 85 41 20.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Ålesund og omegn