Moglegheiter og problem

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Der nokon ser berre problem, der ser andre moglegheiter. På radioen nyleg kunne Geir Håvard Hanssen i Norges sjømatråd fortelje om ei lysande framtid for norsk sjømat. Berre næringa held kvaliteten og kan levere det kundane vil ha, så kan norsk sjømat auke omsetnaden vidare mot himmelen. Det var vekst på alle frontar, men særleg laksen gikk godt. 43 milliardar i sjømatomsetnad i første halvår var ny rekord. Laksen utgjer kring 65 % av omsetnaden.

Det er ikkje alle som ser på sjømatnæringa på denne måten. Gullmedaljen har visst ei nedside. Lakselusa har visst også blitt ei stor næring, for dei som har metodar som kanskje kan redusere problemet. Problemet er vel såpass stort at dei kan gjere pengar på dette ei stund til. Kampen mot lakselusa har ført til bruk av kjemikaliar som for landbruket hadde påskrift om forbod i nærleiken av vatn, men i oppdrettsnæringa er vel det eit kvalitetsteikn på at det kan ha verknad når det blir brukt i vatn. Det kjem nokre meldingar frå tid til annan om skaldyr som er på vikande front, kan hende fordi dei ikkje får til å lage skal. Lakselus som ikkje får til å lage skal er jo godt nytt for ein oppdrettar, hummar, reker og krepsdyr utan skal er ikkje så bra for dei det gjeld. Jo meir vellukka for laksen, jo verre for dei andre? Dei som fiskar leppefisk som blir levert til laksenæringa gjer det nok også godt. Korleis det går med leppefisken, og korleis det går med vennene til leppefisken der dei blir igjen når leppefisken blir fanga, det veit vi vel ikkje alt om.

Dei soler seg i nye rekordar, sjømatnæringa, men naturen betalar dyrt for desse rekordane. Problema sjømatnæringa lagar for naturen må løysast. Det hastar veldig.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal