Møkk og fanatikarar

Det var interessant å lese innlegget frå Bjørner Ørstad, leiar i Tingvoll landbruksråd. Han skildrar rutinane til bonden slik dei ser ut frå traktorsetet. Det kan sjå ut til at det normale er å spreie møkka eit langt stykke ut i september, etter at alt er ete og hausta. Naturvernforbundet blei i grunnen meir uroa etter dette. Kanskje var det vågalt av oss å setje vår lit til bøndene når politikarane svikta?

Naturvernforbundet tar utgangspunkt i kva vi meiner naturen tåler. Når vi ser rundt oss ser vi vatn som ser ut til å ha større tilgang på næring enn det som godt er. Når dette er utgangspunktet speler det ikkje så stor rolle om bonden må tøme møkkakjellaren i august, september eller oktober. Det som er viktig er å passe på at næringstilgangen til vatna blir redusert, før alt går i stå og resultatet blir som Bergemsvatnet. Viss det er råd å tøme kjellaren om så i januar, utan at næringa kjem ut i sjø og vassdrag, så greitt for oss. Men alle dei som har arbeidd mykje med dette seier at møkka som blir spreidd bør kome så tidleg ut på jorda at plantene bruker opp næringa før det blir vinter. Næring bunde i gras renn ikkje ut i vassdrag på same måten som nyspreidd møkk kan gjere.

Valet står mellom ein praksis som tillet vatn og vassdrag å bli øydelagde, eller ein praksis som tar problemet på alvor slik at dei ikkje blir det. Det er mogleg det siste må reknast for ei utfordring, men slike må vel jordbruket vere i stand til å ta. Vedtaket som kommunen gjorde skil ikkje mellom område med store konsekvensar av høg næringstilgang og der faren er mindre. Når tidsfristen blei seinare enn det som var utgreidd, er det auka behov for slik sonering.

Bjørner Ørstad tar utgangspunkt i møkkakjellaren. Kva naturen tåler er visst heilt underordna.

Viss det er fanatisk å ta utgangspunkt i naturen si tåleevne framfor bonden sine gamle vaner, vil vi i Naturvernforbundet setje pris på å bli rekna som fanatikarar i dette høvet. Tilstanden i vassdraga i kommunen tyder på at bonden ikkje kan halde fram som han «alltid har gjort».

Øystein Folden,

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Svarinnlegg frå Tingvoll landbruksråd

«Sluttinnlegg» frå Tingvoll landbruksråd