Møkkavedtak

Økokommunen Tingvoll har ein del politikarar som har gløymt biologikunnskapane og «føre var»-prinsippet. Vedtaket av lokal føresegn om gjødselspreiing var eit retteleg møkkavedtak. Naturvernforbundet set sin lit til at bøndene sjølve kan praktisere dette ut frå biologiske omsyn, slik at ikkje naturgrunnlaget i kommunen tar ytterlegare skade.

Utgangspunktet er at husdyrgjødsel skal ut på jordene før 1. september, slik at graset kan nyttiggjere seg gjødsla og gjerne haustast av innan frosten kjem. På den måten sikrar ein at særleg nitrogen og fosfor ikkje renn ut i vassdrag og fjord. For nitrogen er det behov for minst 4 veker vekstsesong etter gjødslingstidspunkt, for fosfor enda litt lengre. Lova gjev høve for kommunane til å forlenge fristen generelt til 1. oktober, og til å gje dispensasjonar. Dette sidan landet vårt har store variasjonar.

Administrasjonen hadde lagt opp til siste dato 20. september, 10 dagar seinare enn Planteforsk si tilråding, men kommunestyret vedtok 1. oktober. Den datoen høver vel i den delen av landet der dei set potet i slutten av februar, og det er i alle fall ikkje her.

Tingvoll kommune har fleire vassdrag der overgjødsling er eit problem. Bergemsvatnet er mykje omtala, men Hanemsvatnet og vassdrag i Straumsnes ber og preg av problemstillinga. Lova og føresegnene legg opp til at det kan vere strengare reglar for slike område. Når administrasjonen seier at bøndene har praktisert slik strengare frist mellom anna kring Bergemsvatnet og at det difor ikkje var trong for særskilt frist for slike område, stemmer ikkje dette heilt med Naturvernforbundet si oppfatning. Seinast hausten 2005 blei det gjødsla og haustpløgd i slutten av september ein stad slik at avrenning kunne bli eit problem ved mykje nedbør.

Med den seine generelle fristen bør kommunestyret ta opp att denne delen av føresegna. Sjølv om ikkje bøndene skal ha skulda for alle problema i nemnte vassdrag, er det vel god grunn til å tru at det praktiserte bondevettet fram til no har ført til vel mykje avrenning av næringsemne. Bøndene bør difor skjerpe seg, og vise at dei er tilliten verdig.

Hausten har vara lengre dei seinare åra. Viss vi har garanti for at dette skjer kvart år, kan vi ha ein seinare frist enn elles. Men slik garanti er det ingen som gjev 6 veker på førehand. Difor må normalordninga legge opp til ein tidsfrist som går bra i alle år. Då vil det vere marginar, og desse er gode å ha i dei åra då mykje går gale, med våt haust eller tidleg vinter.

Ved stortingsvalet sist kom SV og Venstre godt ut på Naturvernforbundet sin test. Naturvernforbundet har merka seg at SV gløymte at dei er miljøparti. Partiet for personleg fridom, Høgre, viste derimot til Naturvernforbundet sine synspunkt. Det skal vere val neste år, så det er ikkje berre bøndene som skal vise noko i tida som kjem.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet