Molde må ta betre vare på friområda sine

Retirobekken er eit eksempel på at vassdrag i byområda i Molde har høge kvaliteter. Men ser Molde kommune dette?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Tingvoll, den 12.6.2004

Molde kommune

V/Teknisk sjef Geir Amdam

Rådhusplassen 1

6413 MOLDE

FRIOMRÅDE I MOLDE KOMMUNE

Ved gjenpart av brev frå Øverland borettslag er vi orientert om at det er eit betydeleg press på friområde langs Retirobekken.

Molde kommune har store kvalitetar i buområda knytt til vassdrag som Retirobekken. Her finn ein grøne belte frå fjord til fjell, gjennom buområda, med vatn som eit element som tilfører tilleggskvalitetar. Dette er stader der ein kan oppleve natur frå barndom til alderdom utan å måtte ut i bil først. Blir slike kvalitetar bygd ned og delt opp, bit for bit, får ein aldri slikt tilbake. Slike kvalitetar kan gjerne utviklast, men då framleis som friluftsområde og ikkje som utbyggingsområde og liknande.

Vi meiner Molde kommune gjer ein stor feil ved å omregulere desse friområda til utbyggingsområde bit for bit. Vi ber om at desse areala blir vurdert meir i heilskap, som friluftsområde som tilfører bustadområda naudsynte kvalitetar. Sjølv urbane gutar og jenter i det 21. hundreåret kan kome til å få gode barndomsopplevingar om dei kan gå i skogen i nabolaget og lage seg små hytter, eller kan hende finne fisk i bekken i nabolaget.

Vi ber om at Molde kommune reknar oss som part i desse sakene som gjeld omregulering frå vassdragsnære friluftsområde til utbyggingsformål. Ein bit for bit-omdisponering kan de forvente blir møtt med ein del klager frå vår side.

Med helsing

Øystein Folden

leiar

Kopi: Romsdals Budstikke, boks 2100, 6402 Molde