Monument

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Rovviltnemnda i region 6 har talt. Måndag skapte dei eit monument over seg sjølv ved å vedta at jerven ikkje skal få yngle i Trollheimen. Eit stort monument som syner lang veg. I dette spørsmålet er det politikk som tel. Kunnskap spelar inga rolle, kunnskap er berre tull og ikkje godt for noko. Eit monument over at lokalt sjølvstyre er bra fordi det er lokalt.

Men spørsmålet er om dette er bra for jerven og for norsk høgfjellsøkologi. Direktoratet for naturforvaltning sa i si fråsegn til denne saka at dei er rykande usamde med nemnda. Ein argumentasjon Naturvernforbundet deler. Den norske jervebestanden består av 3 delbestandar, ein nordnorsk, ein austleg/midtnorsk og ein sørvestleg. Den sørvestlege finn vi frå vestsida av Østerdalen og vestover og Trollheimen og sørover. Her er det tale om 7 årlege ynglingar, og i underkant av 70 jervar. Kontakten mellom denne sørvestlege jervestammen og annan jerv nord og aust i Noreg er svak frå før og halvparten av kontaktflaten er gjennom Trollheimen.

Viss ein sauebonde hadde 70 dyr og ikkje fekk låne avlsvær nokon annan stad i frå, då ville Mattilsynet blanda seg borti dyrehaldet hans etter relativt kort tid. Dette er eit alt for lite dyretal til å halde det gåande utan utveksling av genar. Rovviltnemnda region 6 har i denne situasjonen vedtatt at for jerven gjeld ikkje dei same reglane, så dei har strupa tilgangen på framande genar ytterlegare, i staden for å betre dei.

Økologi handler om å ete og å bli oppeten. Når naturen får ordne opp sjølv, finst både grasetarar og rovdyr i lag, og det er naturen sin gang at nokon blir oppeten. Gjennom tusenvis av år har desse dyreartane utvikla seg på denne måten. Men gjennom eit par hundre år har vi menneske endra føresetnadene. Ein ting er at rovdyra har blitt få og ettersøkte. Men det er ei rad dyr som ikkje lenger blir oppetne. Reinen, raudreven og fjellreven er mellom dei som blir påverka. Over tid vil dette ha noko å seie. Ei lita jervestamme gir jerven dårlege utsikter, men det er sannsynlegvis dårleg nytt også for andre artar som høyrer til høyfjellsøkologien i Sør-Noreg.

Rovviltnemda i region 6 har ved Trollheimenvedtaket slått fast at dei ikkje er i stand til å forvalte rovdyrforliket av 2004 sin todelte målsetnad, der det er understreka at rovdyra skal forvaltast på ein bærekraftig og økologisk måte. Alle faglege rovdyrråd er sett til side. Nemnda misbruker sitt mandat og manglar rolleforståing for å bidra til å sikre den sørvestlege, genetisk særeigne jervebestanden. Nemnda hever seg over Stortinget sitt forlik frå 2004.

Dette viser også at Høgre, FrP og Sp sitt forslag om å overføre meir makt til nemndene er ein fullstendig uansvarleg politikk, sidan nemndene verken er i stand til å gjennomføre Stortinget sin vedtatte politikk eller noko som er i samsvar med naturfaglege råd.

Natrurvernforbundet minner om:
– Jerven er raudlista og sterkt truga. Vi hadde berre drygt 300 dyr i vinter.
– 124 jervar er skotne sidan 1. januar 2010.
– 9 tisper og 21 kvalpar er allereie skotne i hiet i vår (hiuttak).

Naturvernforbundet er sterkt ottefulle for jerven og høgfjellsøkologien sine føresetnader med ei slik rovdyrforvaltning. Kunnskapsløyse treng ikkje monument.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal