Møre og Romsdal fylke subsidierer Ryanair: Naturvernforbundet klagar til ESA
– Naturvernforbundet meiner offentleg støtte til næringsutvikling bør nyttast til utvikling som sikrar lågare klimagassutslepp. Auka flytrafikk gir auka forureining. Dette seier leiar Øystein Folden i ein kommentar til at Møre og Romsdal fylke har vil subsidiere Ryanair med 3 mill kr. Naturvernforbundet klagar no subsidiane inn for overvakingsorganet til EFTA, ESA.
Ålesund kommune og Giske kommune er også utfordra til å subsidiere Ryanair, og Avinor er med i ei arbeidsgruppe som arbeider for å skaffe meir midlar. – Naturvernforbundet meiner det å subsidiere auka klimagassutslepp er eit steg i feil retning. Det er bra om ESA kjem til den same konklusjonen, seier Folden.
Ein fersk rapport frå det europeiske miljøbyrået (EEA) om transport og miljø, seier at auken i flytrafikken er den viktigaste årsaken til auken i utslepp frå samferdselssektoren.
Det var 18. juli i år at fylkesordførar Jon Aasen nytta «feriefullmakten» til å løyve tre millionar kr til Ryanair, fordelt på 1,5 mill i 2006 og det same i 2007. Etter det Møre og Romsdal fylke opplyser krevjer Ryanair marknadsstøtte på 2,5 mill kr i året for å etablere ei rute mellom Vigra og London Stansted tre ganger i veka.
Lov om offentleg støtte, som representerer ein viktig del av anti-korrupsjonsregelverket i EØS-avtalen, krev at all offentleg støtte blir varsla. Det er også slik at ESA kan stoppe slik støtte dersom ho er i strid med EØS-avtalen.
Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet