Møre og Romsdal fylkeskommune har utfordringar når det gjeld ruteopplysning

Eit viktig tiltak for å få folk til å reise kollektivt, er å sikre at dei har tilgang til god ruteinformasjon på nett, samt å sikre at dei får svar på spørsmål. Fylkesleiar Øystein Folden har sendt eit spørsmål til Møre og Romsdal fylkeskommune etter å ha forsøkt å planleggje ei reise. Naturvernforbundet ventar i spenning på eit eventuelt svar.

Eg har tenkt å ta bussen frå Ålesund til Bergsøya i Gjemnes om kvelden onsdag 2. mars 2016. Veit de kva nettverktøyet dykkar påstår om det? Eg bruker ikkje kontaktskjemaet til Fram sidan skjermdump ikkje er mogleg å legge inn, fordi det er like greitt de ser skjermdumpen sjølv.

Vil det seie at Timeekspressen blir nedlagt snart? Eller at de ikkje veit noko om når Timeekspressen køyrer? Eller at Timeekspressen køyrer, men at ein må finne ein annan nettstad for å finne ut når? Eller at 3 månader er for lang tid til å spå om når bussen går? Når eg ser etter så er det ikkje noko betre 3. januar 2016 heller, de veit altså ikkje om bussen går i neste månad?

Eg ser at eg får bu meg på ei hotellnatt i Ålesund, og så kan eg ta Mørelinja dagen etter, vil eg tru, om det ikkje blir ordning på dette. Viss eg ikkje melder meg inn i CO2-gjengen og køyrer bil. Men møtet eg skal på har i grunnen motsett føremål, mindre utslepp av CO2 er ønskjeleg, og det motverkar ein ved å planlegge møte så folk kan ta bussen heim.

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden