Møre og Romsdal treng ein samla plan for vindkraft!

I Møre og Romsdal ligg no sju vindkraftprosjekt til behandling. Dette gir fylket eit eineståande høve til å sjå vurderingane av desse prosjekta i samanheng. Naturvernforbundet krev difor at fylket no utarbeider ein plan for vindkraft som kan ligge til grunn for konsesjonsbehandlinga for dei enkelte søknadene som no er fremja.

I eit brev til Møre og Romsdal fylke krev leiar i Naturvernforbundet Øystein Folden at dei ulike planane om vindkraftutbyggingar blir vurderte samla.

– Sjølv om det blir utarbeidd omfattande konsekvensutgreiingar av kvart enkelt vindkraftprosjekt i fylket vårt, er desse utgreiingane lite eigna til å belyse den samla effekten vindkraftutbygging har på kystnaturen, skriv Folden. – Det er slik med naturinngrep at sjølv om eit enkelt inngrep ikkje er så ille, så blir den samla effekten av mange inngrep svært negativ. Dette har vi sett både når det gjeld vasskraftutbygging og skogsvegutbyggingar i vårt fylke.

Naturvernforbundet strekar under at vindkraft er ei fornybar energikjelde som gir høve til lokal energiproduksjon på stader med vanskelege el-forsyningstilhøve, men samstundes er vindkraftanlegg arealkrevjande, støyande og kan kome i konflikt med eit ønskje om å oppretthalde verdifulle kulturlandskap eller bevare viktige naturvernområde. Dessutan meiner Naturvernforbundet det er svært uheldig at nokre utbyggjarar vil bruke ressursar på å planleggje prosjekt som er så konfliktfylte, t.d. i høve internasjonale naturvernavtalar, at det er svært urealistisk om dei har høve til å bli godkjende. – Det er då ofte Naturvernforbundet som endar opp som den som blir skulda for å vere mot alt, når vi faktisk seier at det ikkje er fornuftig å rasere nasjonalt og internasjonalt verneverdige kulturlandskap, påpeiker Folden.

Les brevet frå Naturvernforbundet til Møre og Romsdal fylke

Tematisk konfliktvurdering Møre og Romsdal

KrF vil ha samla plan for vindmøller