Møte – Rovviltnemnda og organisasjonar i region 6

Epost til Fylkesmannen i Nord-Trøndelag 28. november 2006.

Takk for tilsendt invitasjon til møte onsdag 29.11. Vi mottok invitasjonen måndag 27.11. som følgje av at brevet har vore på rundreise til ymse adresser.

Vi vil gjere merksam på at vår adresse er

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal,

v/Øystein Folden,

6630 Tingvoll

Vi flytta ut frå Storgata i Molde for eit halvt år sidan, og det er minst 3 år sidan vi hadde postboks. Å avlive gamle adresser er visst ikkje heilt lett. Mykje kan tyde på at epostadressa vår kanskje er den sikraste løysinga.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kjem ikkje til å møte den 29.11. Alv Ottar Folkestad som kjenner forvaltningsplana best frå før har ikkje høve, og andre som kan møte førebudde på så kort tid har vi ikkje.

Vi tykkjer det er leit å ikkje kunne vere til stades, men det skuldast i alle fall ikkje manglande interesse.

Vi vil samstundes peike på at forvaltningsplana blei lagt ut på fylkesmannen si side så seint som 24.11. Eit dokument på 42 sider med eit innhald som det vil vere nødvendig for fleire å drøfte noko før ein vil kommentere det, må vere tilgjengeleg i lengre tid enn dette for at alminnelege demokratiske rettar skal reknast å vere oppfylte.

Det er meir enn ille nok at fellingsløyve blir vedtatt og iverksett i eit liknande tempo. Når grunnlaget for forvaltninga for dette temaet skal leggast fram for brubyggande dialog, tykkjer vi det hadde vore bra om ein kunne gje seg betre tid. Då kunne til dømes temaet som går på førebyggande og konfliktdempande tiltak blitt litt meir konstruktivt.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542/71 53 33 31

epost: moreromsdal(a)naturvern.no

www.naturvern.no/moreromsdal