Motorkrossbane på Nerlandsøy – Naturvernforbundet klagar på dispensasjonsvedtak

Herøy kommune har vedteke å gi dispensasjon frå kommuneplanen for å etablere motorkrossbane på Nerlandsøy. Naturvernforbundet viser til at det manglar vurderingar for natur og friluftsliv i vedtaket.

Naturvernforbundet skriv i si fråsegn m.a.:

Vedtaket som er gjort no manglar heilt vurderingar etter naturmangfaldlova. Det er mykje natur i dette området. Engområde som ikkje er oppgjødsla har ofte store kvalitetar, jamvel om areala ikkje er store. Det finst innslag av strandeng i området. Vidare er det kystlynghei straks på nordsida av vegen. Kystlynghei, lokalitet med verdi svært viktig, er utvald naturtype, og påverking av slike areal skal handsamast etter naturmangfaldlova § 53. Mangelfull vurdering etter kap. II i naturmangfaldlova kan føre til at vedtaket er ugyldig. Når vurderinga heilt manglar, må ein anta at vedtaket er ugyldig.

I samband med ein dispensasjon skal det gjerast ei veging av fordelar med at det blir gjeve dispensasjon, samanlikna med at saka blir vist til ordinær handsaming (utarbeiding av reguleringsplan). Det er gjort ei veging i saka, men det er sagt svært lite om både fordelar og ulempe i saka, så lite at det må vere umogleg å gjere denne veginga av fordelar mot ulempe.