Når det ikkje er plass til meir laks – er det då greitt med torsk?

I det fjordsystemet i fylket som truleg har dårlegast vassutskifting har Nordmøre torsk søkt om to konsesjonar. Søknadene likna mykje på dei Naturvernforbundet har sett andre stader i fylket. Mangelfull kunnskap om naturen og lita forståing for at det er mykje som bør konsekvensutgreiast.

fiskoppdrettsanlegg

Bremsen for fiskeoppdrett har vore på ei stund i fjordsystema mellom Gjemnes, Averøy, Kristiansund og Tingvoll. Ein ny rapport peikar på at botnvatnet i fjordsystemet her har dårleg utskifting. Oppdrettsverksemda burde vel ha vore redusert. Det er ikkje i Nordmøre torsk sine tankar. Kor mykje utslepp av fosfor og nitrogen toler dette fjordsystemet eigentleg? Det kjem elles fram at påverkinga av fjordsystemet er antatt ut frå målingar gjort i Trondheimsfjorden og lenger ut på kysten. Kor trygge er desse opplysningane? Risikerer vi at fjorden er grøn av algar før vi veit ordet av det?

Truleg er det noko anna enn to torskeoppdrettsanlegg som trengst i dette fjordsystemet i dei næraste åra.