Når ein berre teller plussane

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Er ein påstand sann om han står i landbruksmeldinga? Eller om det er stortingsrepresentant Else May Botten som seier det?

Viss ein i eit reknestykke med pluss og minus berre teller plussane og gløymer minusane, så vil ein få eit positivt, men feil svar. Det hjelper ikkje om det er positivt, det er feil. Det hjelper heller ikkje om fleire driv med same reknemetode. Det er berre ein ting som gir rett svar, og det er når ein tar med alt.

Else May Botten lovpriser i eit innlegg skogbruket som løysinga på klimaspørsmålet. Når hovudløysinga er å hogge skogen så ein kan plante ny skog som er meir effektiv til å samle CO2, då reknar ein berre med plusstala for å få eit positivt svar.

Skogbruket sine hovudelement i klimaspørsmålet er at halvgamal skog legg på seg mest kubikkmasse. Sidan kubikkmasse er CO2 i fast form, må skog i denne alderen vere den beste til å binde CO2. Dette blir kanskje rett viss CO2-binding berre skjer i tømmerstokken, men denne føresetnaden er riv ruskande gale. Med vårt kjølege klima er føresetnadene ein heilt annan hos oss enn i regnskogsbeltet. Hos oss blir jordsmonn bygd opp, og jordsmonn bind CO2. Nærare 90% av CO2 bunden i skog er bunden i jordsmonnet hos oss. I jord, torv og lyng. Difor er ikkje den beste løysinga nødvendigvis å få tømmerstokken til å vekse fortast mogleg, men at jordsmonnet framleis får bygge seg opp. I det moderne og effektive skogbruket som skogbruksnæringa legg opp til, så er ikkje grøn skogbotn hovudmålet. Skogbotnen blir ofte brun og, med omsyn til fotosyntesen som samlar CO2, daud. Og når skogen blir hogd så blir skogbotnen rota opp så mykje at ein heil del av det som er samla opp av CO2 slepp ut igjen. Dette er ein del av det som skal vere med på minussida av reknestykket. Når verken skogbruket eller Else May Botten har fått med seg det, då blir svara feil.

Viss bindinga av CO2 i tømmerstokken skal hjelpe, så kan ein ikkje bruke opp tømmerstokken etter i gjennomsnitt 2,1 år. Då må nok stokken gravast ned i ørkenen så han blir eit varig lager. Eller at ein driv eit anna skogbruk, der ein og annan grovstokk får lov å ligge i terrenget i nokre hundre år til han er blitt til jord. Og at ein lar skogen få ei blanding av ulike skogstre og opningar som gir grøn botn og biologisk mangfald.

Eit skogbruk som ikkje hjelp på CO2-rekneskapen, og heller ikkje er til fordel for det biologiske mangfaldet, kvifor skal vi ha det som mål?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal