Når får vi resultatet av klaga?

Herøy kommune har aldri fått grepet om sakshandsaminga av turvegen på Leikong. Det er på tide at Statsforvaltaren stopper saka.

Heilt sidan 2019 har det vore ein serie med søknader, fråsegner, vedtak og klager i turvegsaka på Leikong. Kva står saka no?

Kommunen sitt vedtak om turvegtraseen 21.4.2023 har Naturvernforbundet klaga på. Klaga ligg hos Statsforvaltaren til endeleg avgjerd.

Plan og bygningslova er slik at klage ikkje automatisk stoppar ei utbygging. Samtidig er det slik at viss arbeidet blir sett i gang før klaga er handsama, så kan tiltakshavar bli nøydd til å ordne til igjen viss klaga vinn fram. Å reparere ei heil liside med lyngmark er ikkje av det enkle slaget. Difor har no Naturvernforbundet bede om at klaga får oppsetjande verknad, dvs. at det ikkje blir høve til å setje i gang arbeid i terrenget på del 2 av prosjektet.

Statsforvaltaren har 15.6.2022 avgjort ei tidlegare klage i denne saka. Den saka likna veldig på den saka som no er til avgjerd.

Under kan du lese Naturvernforbundet si klage 21.4.2023 og Statsforvaltar si avgjerd av 15.6.2022.

(Foto: Åsmund Steen)