Når klima gjer blind

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

”Skogplanting er ein ferdig utprøvd teknologi for CO2-opptak.” Det seier Senterpartileiar Liv Signe Navarsete i eit innlegg for ei tid tilbake. Difor vil ho ha mykje meir skogplanting, og gløymer visst mykje anna i sin iver.

Det er ikkje om å gjere å fange mykje CO2 om ein gjer det for å sleppe det ut igjen i neste augneblink. Då er det betre å sjå på tiltak som gjer at CO2 blir bunde for lang tid. Då istida var ferdig, var det stein og grus. 10 000 år seinare inneheld skog og myr i Noreg 3 milliardar tonn karbon. 300 000 tonn har i gjennomsnitt blitt bunde kvart år. Til å begynne med gjekk det nok treigt, og ein gong i framtida vil ein nå eit balansepunkt der binding og utslepp er like store. Ein stad mellom der er vi nok no.

For nokre hundre år sidan tok vi til å hogge skogen for fote. For hundre år sidan var skogen på eit lågmål. Vi kan slå oss på brystet over at det aldri har vore meir skog enn no, eller vi kan seie at vi i beste fall no har fått opp igjen den skogen vi har hogd med uvett tidlegare. Kvar og ein får velje sjølv om ein vil jukse med historia eller ikkje. At denne skogen samlar CO2, det er jo det som naturen gjer for at alt skal vere i orden.

Skog er ein utprøvd metode for å fange CO2. Skogplanting er ein ganske ny snarveg, og i det lange perspektivet er ikkje dette ferdig utprøvd. I det moderne skogbruket ser vi også at skogbotnen ofte blir mykje opprota ved hogst. I jordbruket veit vi då at jordsmonnet smuldrar og CO2 slepp ut. Sjølv om det ikkje blir grøfta på myr for skogbruket i utgangspunktet, så blir det sanneleg grøfta ein heil del i noko som ville ha blitt myr, ein suveren naturleg form for CO2-binding. Når furuskogen blir skifta ut med gran fordi ho produserar så mykje meir, ser vi også at skogbotnen døyr. Ein daud skogbotn samlar lite CO2. Før grana er gamal nok blir ho hogd, og i løpet av eit par år så er faktisk det som var i stokken igjen sleppt ut. Det kunne ha vore veldig interessant å sjå eit rekneskap for CO2 i denne typen skogbruk.

Skogbruket har interesse av å fylle lommeboka, og det er nærast genialt viss dei klarer å få politikarane til å betale dei for å plante skog. Men det vil vere godt politisk handverk om ein då ser litt meir på dei andre sidene i denne saka. T.d. om det moderne skogbruket som det blir lagt opp til i det heile har nokon positiv klimaverknad.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal