Når mjølk blir religion

Tidligare innlegg frå Bjørn Sæbø.

Når mjølk blir religion Eg viser til innlegget om økologisk mjølk i Smp. 27.10. Der blir det hevda at økologiske varer «inneheld det som naturen har lagt opp til» og at jorda og dyra har ein større garanti for å ha det bra til «evig tid» med økologisk produksjon. Kva er økologi? Økologi er læra om korleis planter og dyr tilpassar seg livsvilkåra. Det må dei gjere anten dei lever i vill natur eller i ei eller anna form for dyrking eller husdyrhald. Økologi eller økologisk er såleis ikkje namnet på nokon driftsform eller ideologi. Men her i landet har dessverre ei bestemt driftsform fått monopol på ordet økologi, med alle dei mistydingane dette fører med seg. Først og fremst blir det oppfatta som ekstra god kvalitet og rette måten å drive på, slik som ein ser det i innlegget 27.10. Det set dermed eit mindreverdsstempel på dei vanlege bøndene og produkta deira. Derfor bør ein bruke «alternativt jordbruk» som eit meir høveleg namn på driftsforma. Jordbrukskunnskap og politikk Mykje av det alternative jordbruket er god gamaldags jordbrukskunnskap. Og det er ikkje noko «økologane» har kome på, det var slik mest alle dreiv gardane sine før. Men det politiske kravet til produksjonsomfang og kostnadsutnytting har tvinga jordbruket inn i nye driftsmåtar. Heile tida stiller samfunnet nye og kostbare krav til bøndene, men på same tid får dei som driv alternativt jordbruk ekstra tilskot for å drive gamaldags og ineffektivt. Eg kjenner ein bonde med ein svært stor gard etter norske tilhøve, og han har delvis lagt om til økologisk kornproduksjon. Det er ikkje av di han ser fagleg fornuft i driftsforma, men han vil ha sin del av pengane som følgjer med. Produktkvaliteten Dei som driv alternativt jordbruk, ser ut til å rekne moderne driftsmiddel som kunstgjødsel og kjemisk plantevern som «gift». Etter deira meining bør det, etter det eg har forstått, ikkje tilførast anna enn husdyrgjødsel, kompost, tang o.l. som plantenæring. Men plantene, som både dyr og folk lever av, brukar ikkje kunstgjødsel eller husdyrgjødsel, dei brukar kjemiske stoff som blir tilgjengelege når gjødsla blir oppløyst i jordvæska. For dyr eller folk som lever av plantekost, gjer det akkurat det same om ein nitrat-ion har kome frå det eine eller det andre gjødselslaget. Det kjemiske grunnlaget i foret blir omgjort til mjølk i kyrne. Derfor er det ingen som kan kjenne forskjell på «økologisk» mjølk og mjølk frå eit vanleg, reint norsk gardsbruk. Kjemiske analyser vil heller ikkje kunne skilje mellom «økologisk» mjølk og vanleg mjølk, og såleis er det ei tilsniking å tale om «ekstra verdifull råvare» i motsetnad til «ordinær råvare». Ei oppgåve for TINE? Fagleg sett skulle ein derfor tru at TINE hadde meir nærliggjande oppgåver enn å sørgje for «økologisk» mjølk til borna. Det er lite rimeleg at ungane har sett seg så inn i saka at dei «vil ha» produktet, her står det nok andre, ideologiske interesser bak, interesser som brukar born i eit spel for å fremje sine eigne interesser. Ei anna sak er det at produktet kanskje kan vere lønsamt for TINE, så rart som politikarane ofte brukar skattepengane våre. Då kan det vere grunn til å vurdere saka, nye keisarklede er svære greier, om ein går aldri så naken. Bjørn Sæbø