Når ser vi Møre og Romsdal fylke sette seg ambisiøse mål?
Stockholm fylke har satt seg som mål å halvere klimagassutsleppa sine innan 2012. Naturvernforbundet utfordrar Møre og Romsdal fylke til å sette seg liknande mål.
Naturvernforbundet spurte 8. januar 2007 fylkesordførar Jon Aasen om kva tid Møre og Romsdal fylke vil komme med ambisiøse mål.
Svaret frå Jon Aasen kom umiddelbart:
Vi har vel ambisiøse mål!
Energiregion Møre og Romsdal tufta på berekraftig utvikling er vel ambisiøse mål?
Helsing
Jon Aasen
Dette har ført til at vi måtte sende eit tilleggsspørsmål: Det var eit godt spørsmål. Ut frå det eg finn av mål i saksframlegg og vedtak manglar det konkrete målsettingar både når det gjeld fornybar energi og reduserte utslepp, så ambisjonsnivået kan ikkje samanliknast med Stockholm. Øystein Solevåg 40 23 47 05
No veit eg ikkje kva som har skjedd etter at programmet blei etablert. Eg har prøvd å finne meir informasjon om Energiregion Møre på www.mrfylke.no, det eg finn er dette:
Framlegg til hovudmål
· Målet med energiprogrammet er å sikre forsyninga av elektrisk kraft og auke bruken av fornybare energikjelder og gass innanfor ramma av ei bærekraftig utvikling.
· Møre og Romsdal skal ta ei leiarrolle i utviklinga av miljøvennleg energi.
Framlegg til delmål
1. Auke straumproduksjonen.
2. Etablere ei CO2-verdikjede inkludert gasskraft.
3. Gasskraftverk i Møre og Romsdal tilrettelagt for CO2-handtering innan 2010.
4. Elektrifisering av olje- og gassfelta på Haltenbanken innan 2015.
5. Auke kunnskapen om gassbruk.
6. Auke kunnskapen om fornybare energikjelder.
7. Energibruken skal bli meir effektiv.
8. Ytterlegare utbygging av gassinfrastruktur.
9. Auke gassbruken i eksisterande næringsverksemder og til transport
10. Utvikle ny næringsverksemd og auka verdiskaping basert på gass.
11. Auke produksjonen av energi frå fornybare kjelder.
Vedtak i Fylkesutvalet – 27.02.2006
1. Møre og Romsdal fylke organiserer arbeidet med eit fireårig energiprogram slik som foreslått av fylkesdirektøren med følgjande endringar/presiseringar:
2. Arbeidet skal ha mål og arbeidsform slik det går fram av saka med dei justeringar som blir ein følgje av punkt 1. Eit meir detaljert arbeidsprogram skal leggjast fram seinast ved utgangen av 2006.
3. Styringsgruppa for CO2-verdikjedeprosjektet blir personidentisk med styringsgruppa for energiprogrammet.
4. Det er ein føresetnad at dei 5 regionale energiselskapa Tussa, Tafjord, Istad, Neas og Svorka får utpeike to medlemer med varamedlemer til styringsgruppa.
5. Det skal rapporterast årleg til politisk nivå.
I samsvar med pkt. 1 i vedtaket ovanfor peika fylkesutvalet ut følgjande representantar til styringsgruppa:
Faste medlemer:
Olav Bratland, Toril Melheim Strand.
Varamedlemer:
Asbjørn Rutgerson, Jan Magne Dahle.
Ud-107/06 A — MØRE OG ROMSDAL SOM PILOTFYLKE FOR MILJØVENNLEG BEREKRAFTIG ENERGIPRODUKSJON – UTTALE
Vedtak i Fylkesutvalet – 30.05.2006
Fylkesutvalet ber fylkesdirektøren arbeide for at Møre og Romsdal kan bli pilotfylke for miljøvennleg, berekraftig energiproduksjon innanfor rammene av det vedtekne energiprogrammet. Statusen som pilotfylke bør føre til at det blir oppretta regionalt/nasjonalt/internasjonalt senter for berekraftig energibruk i Møre og Romsdal.
Denne meldinga er førebels ubesvart.