Nasjonal ramme for vindkraft

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Olje- og energidepartementet.

Generelt om prosessen

Vi har fått presentert at det er eit visst tal eigna område igjen etter at det har vore ei form for silingsprosess. Det rette må vere å seie at ein no har sortert vekk klart ueigna område, og står igjen med nokre få område ein må undersøke nærare.

Det er ein del kriterium som er enklare å handsame enn andre. T.d. er det vesentleg enklare å modellere kor det er vindtilhøve som kan gi lønsemd. Det er også handfast kvar det er innflyging til flyplassar, militære omsyn og kringkastingsproblematikk. Det gjer at ein på eit tidleg tidspunkt kan innrette seg etter det og ta omsyn til det medan det framleis finst areal igjen utan bindingar.

Naturvernforbundet har si merksemd spesielt på biologisk mangfald og friluftsliv i brei forstand. Biologisk mangfald er ofte ikkje så lett å sjå og det har ikkje klare grenser som t.d. militære område. Biologisk mangfald krev tid å kartlegge. Vi har i nokre tiår kartlagd område, men først og fremst område der det skjer noko. Det har i liten grad vore i fjellheimen, og då helst der det har vore store hytteinteresser. Det tyder at det i store område ikkje er kartlagd i det heile, eller er kartlagd tilfeldig og ofte ikkje særleg omfattande. Dermed har vi kart med mykje biologisk mangfald i kystnære område og nær busetnad. I store fjellområde finst det ikkje verdifulle naturtypar, i alle fall viss ein ser berre på kart. Då kan ein tru at ein vil unngå konflikt med biologisk mangfald om ein legg dei i fjellet. Men det er ei stor mistyding at kvite område på kartet er det same som lite konflikt. Kvite område på kartet er i dette høvet oftast at det ikkje har vore nokon som har kartlagd. Vi veit rett og slett ikkje om det er biologisk mangfald som treng å få vere i fred.

Friluftsliv er slikt som er vanskeleg å telle. Dessutan er det ikkje automatisk slik at fjelltoppar med over 1000 besøk i året er meir verdifulle enn dei som har 3. Nokre kommunar har gjort registreringar av friluftslivsverdiar, mange har det ikkje.

Vi meiner at dei såkalla eigna områda bør reduserast mykje ved høyringa no, slik at ein eventuelt kan få gjort vesentleg grundigare undersøkingar av eit mykje mindre, og meir overkomeleg areal i ei seinare høyring. Det fortener både det biologiske mangfaldet og friluftslivet.

Når det gjeld dei biologiske verdiane, så må dei kartleggast. Vi har registrert noko om at det må gjerast i samband med konkrete søknader, då det kostar mykje. Når vi kjem så langt, har alle andre omsyn fått sitt, og det er berre att nokre mindre areal. Då er vi i den situasjonen at biologisk mangfald, om det skal takast omsyn til, stundom fjernar dei siste områda frå det som var sortert ut som eigna. I ein slik situasjon blir ein snart sett på som bakstreversk om ein vil kjempe for verdiane som er igjen. Men systemet legg opp til det. Det bør vere NVE sitt ansvar å motverke slike tendensar. Alternativet er å synse med bråk og spetakkel for å bli høyrt på eit tidspunkt då dei biologiske verdiane ikkje er kartlagde. Eller å bruke årsverk på å kartlegge natur som utbyggar bør ha ansvar for å ta kostnaden med å kartlegge.

Når ein ser det store kartet, kan ein legge merke til at det er eit lite område i Møre og Romsdal som ikkje er dekt av anlegg eller konsesjonar. Det må vere grunn god nok til at det ikkje blir noko anlegg i Møre og Romsdal. No har det vore eit råkøyr der heile resten av kysten blir bygd, og det er eit stort behov for eit større område som er igjen utan slik påverknad. nærast eit pusterom for artar og miljø som elles no kjem til å bli mykje utsett for verknader av vindkraftutbygging.

Dei ulike areala

 

Reserveområde Romsdal

Godt gøymd i dokumenta er det omtala eit reserveområde som kan vere aktuelt om det blir for mykje motbør for dei andre.

Den nordlegaste delen av dette området ligg på Tingvollhalvøya. Dette er snaufjell som delvis er kalkpåverka og som dermed kan ha ein del spesielle naturtypar, utan at dette er kartlagd til naturbase. I sørskråninga er det delvis verneområde, delvis gamal skog som truleg blir vurdert for vern. Eventuell vegløysing vil nok skje på nordsida og ta frå Tingvoll mykje av det urørte snaufjellet som er igjen. Tilknytting til nett vil gje ytterlegare stort inngrep. Dette arealet har stort konfliktpotensiale og må reknast som ueigna for vindkraft.

Områda mellom Raudsand og Fursetfjellet ligg også i dette reserveområdet. Dette er det mest snøsikre området i denne delen av fylket. Istadutbygginga har ført til regulering av vatn og vegar i området. Isproblem treng vi ikkje meir av, vi har alt nok. Vegane i fjellet er heldigvis relativt enkle, og vi treng ikkje forbetring av desse. Dei delane av området som ikkje er direkte råka av kraftutbygginga har svært gode friluftslivskvalitetar. Området er relativt dårleg kartlagd biologisk, men det er ein god del intermidære og rike myrer i dette området.

Frå Fursetfjellet og sørvestover inn i Molde er det store område med glise furuskog. Dette er mykje brukt friluftsområde heile året. Moldemarka har same funksjon som Oslomarka. Ingen vil foreslå å bygge vindturbinar i Oslomarka, og om nokon sender ein søknad, så vil dei straks misse dei fleste kundane sine. Her vil det vere konflikt med halve Nordmøre og Romsdal sine busette, svært tydeleg og bråkete. Området er heller ikkje særleg godt kartlagd biologisk. Dette området er det best å gløyme snarast mogleg.

I samband med dette området er det nokre eksklusjonar knytt til statleg innkjøpte friluftsområde. Dei viser kor merkeleg dette systemet kan slå ut. Området på Fursetfjellet gjeld ein stor parkeringsplass, med E39 og ei kraftline som næraste nabo. Viktig nok for friluftslivet, men truleg den einaste staden i heile dette området der det kan vere råd å setje opp ein vindturbin utan at særleg mange blir plaga. Planen på høyring legg ikkje opp til ei slik type utbygging, så då kan dette gløymast.

Grenseområde mot Nesset, Sunndal og Eide er heller ikkje kartlagd i nokon stor grad biologisk. Areala blir nytta til nærfriluftsliv i hovudsak. Vi har ikkje gjort vurderingar rundt desse areala. Sidan mesteparten av området elles er uaktuelt, er også randområda uaktuelle.

Grenseområde mot Trøndelag

Rognskogfjellet

Vi har frå før noko kjennskap til Rognskogfjellet, då det var omsøkt tidlegare. Dei funna vi gjorde av planteliv seier oss at det stadvis kan vere både naturtypar og artar som krev kartlegging. Det same gjeld fugleliv. Vi reknar kunnskapen om biologisk mangfald som ganske dårleg slik det er no, og dette å betrast mykje før ein eigentleg veit kor verdifullt området er. Område for vegtrasear ligg delvis i område som kan ha spor av gamalt kulturlandskap som kjem inn som eit viktig element. Rognskogfjellet representerer ein landskapstype som vi har lite av på Nordmøre. Ei stor vidde over tregrensa finn ein ikkje mykje av. Området har stor verdi for friluftsliv, både som toppmål frå bygdene rundt, og som del av nettverk.

Skardsøya

Vi har sett litt på delar av området som er aktuelt for vegframføring til platået på Skardsøya. Det er prega av ein blanding av myr som har vore bruka til slått, og furuskog av ulik karakter, men ein god del noko eldre, med ståande og delvis noko liggande daudved. Kartlegginga som var gjort for eit tidlegare prosjekt har fått med seg ein del, men det er nødvendig med ny, komplett kartlegging.

Det er store naturverdiar knytt til fugl i området. Det som er gjort av kartlegging når det gjeld fugl og t.d. flaggermus er alt for dårleg.

Det er elles eit viktig moment for Skardsøya at det er utan inngrep frå fjord til fjell, ingen veg og kulturlandskap som stenger. Dette er svært sjeldan, og det er svært viktig når ein no veit kva klimaendringar kan føre til for ein del artar.

Ertvågøya

Ertvågøya har ikkje vi sett nærare på no, men vi veit at det er betydelege potensial for spesielle nnaturverdiar knytt til furuskogen i området. Elles er det heilt klart at det her er store friluftsverdiar inne i biletet. Mange stader er friluftslivet knytt til trasear mellom der folk bur og eit turmål, på Ertvågøya er desse verdiane i eit nettverk, der inngrep ein stad påverkar eit mykje større område.

Areal på mellom anna Tustna og i grenseområde mot Rindal har vi ikkje vurdert.

Område Sunnmøre og Nordfjord

Ulstein / Hareid

Vi har særleg sett på fjella i nærleiken av Flø. Området nær Flø er i det minste kartlagd ein del når det gjeld naturtypar, men er nok i så måte unnataket. Det er fleire verdifulle naturtypelokalitetar i området. Kartlegginga som er gjort er ikkje tilstrekkeleg. Fugleliv er altfor dårleg kartlagd så langt.

Herøy

Vidare har vi sett på området sør og vest av Rjåhornet. Områda ved Rjåhornet manglar totalt kartlegging av fjellområda. Med dei opplysningane som er samla til no, er det heilt umogleg å vurdere kva biologiske verdiar som finst. Fugleliv er altfor dårleg kartlagd så langt.

Elles er fjellområda som her er omtala dei viktigaste områda for friluftsliv i desse øykommunane, sommar som vinter. Om desse områda taper sin verdi som friluftsområde, er det nokre mil til alternative område. Det vil gjere at inngrep i desse områda vil opplevast som spesielt hardt.

Volda og Vanylven

I Volda og Vanylven er det knapt naturtypelokalitetar over 300 moh i det utvalde området. Dette må skuldast eine og aleine at det ikkje er kartlagd. Det er ikkje mykje kartlagd på Artskart heller. Til ein har kartlagd betre, må ein legge til grunn at det er ei rad raudlisteartar i dette området. Vi viser elles til det lokallaget vårt har uttala.

Konklusjon

Dei utvalde områda i Møre og Romsdal har anten så store kjente naturverdiar og / eller friluftslivverdiar at dei er ueigna for vindkraft, eller kunnskapsnivået er så dårleg at ein må undersøke nærare først før ein kan kome med nokon konklusjon. Viss ein vil ha ein rammeplan, så kan ein no trygt redusere områda som skal vurderast som eigna og sende dette på ny høyring.

Vi er overtydde om at energibehovet vårt kan dekkast på betre måtar enn at ein bygger vindkraft i dette området. Vi viser i så måte til vårt faktahefte som er tilgjengeleg på https://naturvernforbundet.no/trondelag/faktahefte-om-vindkraft-article39517-1422.html

Denne rammeplanen tar ikkje høgde for sumverknader. Vi vil peike på at det er viktig at det finst eit litt stort område som er igjen utan vindkraftproduksjon, slik at ein ikkje legg alle egga i same korga.