Natur eller folkehelse?

Kvifor skal det vere ein konflikt mellom naturomsyn og folkehelse? Det lurer Naturvernforbundet på. Giske kommune får no høve til å ordne dette på ein betre måte. Turveg ved Blimshaugen er turveg på feil stad.

Når ein vil bygge turveg i strandsona, mellom kystlyngheiflekkane, då bed ein om å få klage. Få stader er det meir natur enn slike stader. Sjølv om mange menneske veldig gjerne vil kome seg til slike stader for å sjå naturen på sitt beste, så er det ofte slik at fuglar og dyr ikkje er like glade. Dermed flytter dei til ein annan stad, ofte med adresse «Ingen stad». Slik kjem spesielt fuglane på raudlista. Vipe, storspove, sanglerke, tjeld, terner og måker står i fare for å bli utrydda.

Naturvernforbundet har ein så enkel tanke om desse turvegane at ein kilometer med turveg er ein kilometer anten ein går her eller der. Kvifor ikkje bygge dei slik at dei dekker eit behov langsetter det offentlege vegnettet, så ein kan sleppe å gå på kvitstripa? Søkjar seier det sjølv at det er lite med gangvegar langs offentleg veg i området.

Kanskje det er mogleg å bygge desse turvegane på stader der det er bra både for folkehelsa og naturen?

(Illustrasjon henta frå saksframlegget)

Naturvernforbundet si klage: