Natur og næring i Eikesdalen

Naturvernforbundet er opptekne av å ta vare på naturen fordi både naturen i seg sjølv og vi menneske er avhengige av det i det lange løp. Dette gjer vi sjølv om folk i både byar og distrikt må redusere eller slutte med eit og anna.

Naturvernforbundet har klaga på det vedtaket som kommunen gjorde ved å la Eikesdal Alpin få løyve til å køyre med det meste nærast overalt. Det har vi gjort fordi det er naturkvalitetar i Eikesdalen som treng det. I det lange løp treng vi menneske det også. Å leve på tvers av naturen let seg ikkje gjere over lang tid, utan at livsgrunnlaget blir øydelagd.

I Noreg har vi eit system der Stortinget gjev lovar, og desse seier også noko om kva mynde kommunane skal ha. Når det gjeld køyring i utmark har ikkje kommunen så mykje mynde. Driftsstyre 2 i Nesset har gått vidt utover den mynde dei har, og må berre vente at staten reagerer. Naturvernforbundet har reagert på at driftstyret ikkje tar naturvernomsyn.

Naturvernforbundet skjønar at enkelte distrikt føler at tradisjonelt næringsliv og busetnad er truga av global og nasjonal utvikling. Vi trur at det ikkje er naturvernarar som er det største trugsmålet mot landbruk og busetnad på bygdene. Dei som gjer naturvernet til hovudmotstandar manglar slik Naturvernforbundet ser det grunnleggande innsikt i dei politiske makttilhøva i verda.

Natur og næring treng ikkje vere ein umogleg kombinasjon. Kva har Eikesdal å by på som ingen andre kan levere? Eikesdal har ein heilt spesiell kulturtradisjon i jordbruket, godt tilpassa naturen. Sjølv om hasselnøtter frå Eikesdalen har små utsikter på marknaden, vil i alle fall pleie av kulturlandskap i samsvar med desse gamle kulturtradisjonane ha noko i seg som kan bli salsvare. Kvifor er det ingen som lager eit kvalitetsturismeprosjekt bygd på desse verdiane? Når ein del menneske kan vere viljuge til å betale ein tusenlapp kvar eller kanskje meir for å vere med på gamaldags arbeid i nøtteskogen, som ein del av ei oppleving, då kan det vel bli noko utav det. Då kan det vere liv laga både for bonden, kulturlandskapet og Eikesdal. Og når arbeidet i nøtteskogen er gjort er også dei andre naturverdiane i området framleis i orden og kan gje mykje glede både til fastbuande og turistar. Dette er eit grunnlag for eit reiselivsprodukt ingen andre har. Kvifor ikkje nytte det?

Kommunepolitikarane i Nesset bør droppe arbeidet for å få endra motorferdsellova. Til gjengjeld bør dei kanskje ta ein prat med dei som steller med reiseliv i fylket.

Utvikling av ”landbrukskulturturisme” kan kanskje vere ei Moldereise verdt?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42

Oppslag i Aura Avis om alpinanlegg-saken i Eikesdal

Innlegg mot Naturvernforbundet