Naturbasert næring

Fråsegn vedtatt av årsmøtet 6. mars 2005

Naturvernforbundet har registrert at næringshagen vil satse på å utvikle naturbasert næring. Flott!

Naturvernforbundet har stor tru på at naturbasert verksemd har ei stor framtid. Når grunnideen er å bruke naturen på ein slik måte at han ikkje blir brukt opp, då har ein evigvarande kjelder å ause av. I ei moderne verd med færre og færre pusterom, treng vi natur som kan få roa oss ned. Slik natur må takast vare på, så viss ein kan finne fram til måtar der ein kan få opplevingar utan at naturen sjølv blir brukt opp, då har ein gode framtidsutsikter.

Det er ei viktig utfordring og ei stor mulighet for framtida å rette seg inn mot turistgrupper som er interessert i det ekte, det tradisjonsrike og det spesielle som levande bygder kan servere.

Denne turismen kan ta mange former og til og med kunne være til nytte for bonden sjølv. Det gjeld å finne fram til ting som ikkje så mange andre kan tilby.

Naturvernforbundet vil ønskje lykke til med å utvikle gode idear til næring på naturen sine premissar!