Naturen i Vestnes – og andre stader

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal etter mange og harde innlegg i Vestnesavisa den siste tida.

Eit skisenter vil forlenge vinteren, og plutseleg blei naturen innblanda. Det er sagt at det er tre gruppe som ikkje har talspersonar mellom sine eigne: born, senile og naturen. For dei to første reiser det seg opp nokre som forsvarar dei, medan naturen forsvinn til gode føremål utan protest stadig vekk. Der kjem Naturvernforbundet i Vestnes inn i biletet. Etter lang tid utan lokallag i Naturvernforbundet i kommunen kan det nok vere litt uvant at nokon reiser seg og talar høgt om slike spørsmål.

Noreg har vedtatt at tap av biologisk mangfald skal stoppast innan 2010. Tap av biologisk mangfald vil seie at artar blir borte, ofte fordi leveområdet deira blir tatt i bruk til noko anna. Oftast skjer slike tap utan at nokon er klar over det eller vil det. Vi har t.d. berre kjennskap til ca. 40 000 artar i Noreg, men alt tyder på at det finst nærare 60 000 når vi berre får undersøkt.

Arealdisposisjonar er ein av hovudårsakane til at biologisk mangfald går tapt, og svært mykje av arealdisposisjonane blir vedtatt av kommunen. For inngrep i vassdrag er det NVE som har vedtaksretten. Det Naturvernforbundet har bedt om er ikkje at tiltaket på Ørskogfjellet må stoppast, men at det skal dokumenterast kva som skjer med vassdraget viss inngrepet blir gjennomført. Først då ser ein om tiltaket kan gjennomførast med verknader for det biologiske mangfaldet som er akseptable. I vassdrag er det fullt mogleg at eit inngrep høgt oppe i vassdraget har verknad langt nedover vassdraget. Det er årsaka til at slike spørsmål skal handsamast av NVE.

Ein del av spørsmålet i denne saka kan også råke friluftsinteresser. Dette er rettar vi alle har i lag, uavhengig av kven som er grunneigar. Friluftslivet som minst må vere så nærskyld idretten at det må vere tale om halvsøsken, er eit gode alle har og kan ta del i. Men det viser seg at det som nokon kallar utøving av privat eigedomsrett tar for seg av slike felles goder som skog, fjell og strandline slik at vilkåra for friluftslivet minkar.

Det har versert påstandar om at skisenteret på Ørskogfjellet vil gå konkurs om ikkje snøkanonane kan gå alt no i haust. Det er sjølvsagt problematisk. Men er det slik at når konkurspøkelset heng der så er det ein attest på at det ikkje finst biologisk mangfald i området, eller andre friluftsinteresser? Det er vel heller tale om at nokon burde ha sjekka litt meir om korleis dette skal føregå og begynt arbeidet med klarlegginga av slike spørsmål eit halvår eller to tidlegare.

Det er og sagt at utbyggar ikkje har råd til slike undersøkingar. Det er truleg ikkje tale om store kostnader. NVE har sett ei ramme for slike kostnader på 20 000 kroner når det gjeld minikraftverk. Det er omlag det Naturvernforbundet ser for seg. Det er ganske opplagt at det er utbyggar som betalar. Det er i alle fall ikkje slik at naturen kan pressast for slike beløp med trugsmål om at han blir borte om det ikkje kjem noko betaling. Prinsippet har vore der lenge – utbyggar er den som skal prove at ikkje noko gale skjer om tiltaket setjast igang. Slik er det også innan byggeverksemd – det er utbyggar som må prove at bjelkar er gode nok og at veggar og tak blir ståande.

Skulle det vise seg at tiltaket ikkje har uakseptable verknader på natur og friluftsliv så kan venteleg tiltaket gjennomførast. Viser det seg at løysinga må endrast noko, men så kan gjennomførast, då er det fordelaktig å finne ut det før ein begynner å grave.

Naturvernforbundet er i tillegg til å vere ein miljøorganisasjon også ein demokratisk organisasjon heilt ned til kommunenivå. Ønskjer ein å delta i Naturvernforbundet sitt arbeid så får ein også demokratiske rettar ved å melde seg inn. Lokallaget i Vestnes har gjennomført årsmøte slik Naturvernforbundet sine vedtekter seier.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal